Hopp til innhold

– Det var ekstremt viktig å få ein siger igjen

Med 2–1 over Strømmen sikra Florø viktige poeng. – Kampen sett under eitt er det vel fortent at vi vinn i dag, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Terje Rognsø, Florø-trenar
Foto: Truls Kleiven

– Det var ekstremt viktig få ein siger igjen. Vi har gått så lenge utan å vinne fotballkampar eller score mål, seier Florø-trenaren.

Florø fekk ei pangopning på heimekampen då Oliver Rotihaug scora i det første minuttet.

– Det er ein veldig krigekamp. Vi får ein kjempesjanse med scoring etter eitt minutt. Det er litt psykologi i det når du leier 1–0 og har lyst å ta poeng – vi blir litt feige andre omgang, seier Rognsø.

– Burde hatt fleire mål

Stillinga 1–0 stod seg til pause. Ti minutt ut i andre omgang scorar Alioune Ndour.

– Vi får 2–0 i eit veldig bra angrep. Dei får ein mann utvist. Med mange gode sjansar burde vi gått opp med både tre og fire mål, seier Florø-trenaren.

Dei siste minutta av kampen blir hektiske. Strømmen scorar på straffe i det nittiande minutt.

– Det blir dramatikk når dei får straffe på overtid. Det var mange duellar, høge ballar og mykje kriging. Men vi rodde det heldigvis i land, det er det einaste som betyr noko i dag, seier Rognsø.

Florø-spelar Simen Solheim Reksten måtte gå av bana i sluttminutta etter å ha fått eit kutt i hovudet.

– Nøydde til å vinne

Florø har lege sist på tabellen, med Strømmen på plassen over. Dei fire siste kampane har det vorte tap. Sigeren i dag var viktig, seier Rognsø.

– I utgangspunktet to dårlegaste laga i divisjonen møttest poengmessig. Vi var nøydde å vinne

– Hadde vi tapt for laget framfor der hadde vi lege langt bak. Det er lettare å gå på ein ny veke når du har vinne ein fotballkamp etter så lang tid, seier han.

Etter dagens kamp har Florø no åtte poeng, men ligg framleis sist på tabellen. Strømmen ligg på plassen over med ti poeng.

Neste kamp for Florø er mot Jerv på Florø stadion søndag om ei veke.

Laster innhold, vennligst vent..