Kommunelege og pådrivar Jan Helge Dale seier tilbodet ikkje skal erstatte, men supplere fedmeoperasjonane som i dag vert utførte på Sentralsjukehuset i Førde. Han seier eit slikt senter også vil vere ei positiv styrking av eit nærsjukehus i Florø.
Dansk modell
Slankeopplegget Helse Vest no vurderer å leggje til Florø, skal byggjast opp etter ein dansk modell som ifølgje Dale skal ha gitt gode resultat.