Oljeverndepotet vart for eit par år sidan flytta frå Fedje til Florø, men komiteen har ikkje sagt noko om Florø i denne omgang, seier Øyvind Halleraker frå Høgre.
- Med den store trafikken av risikotransport som føregår i nærleiken av Fedje, så er det rett å ha eit hovudoljedepot der, seier han.
Omkamp
Heilt sidan Florø fekk eit såkalla mellom-depot for oljevern i skarp konkurransen med Fedje, har sterke krefter i Hordaland arbeidd for omkamp. I mai i år sa dåverande samferdslekomite at behovet for depot på Fedje måtte greiast ut på nytt.
Tvilsamt med to depot
Signala frå den nye regjeringa i haust var at dei ikkje hadde planer om flytting, men ville sjå på saka. Det vart ikkje løyvd pengar til depot på Fedje i neste års budsjett. Når fleirtalet no ber om eit nytt depot på Fedje, innser Halleraker at det kan få følgjer for Florø på grunn av den korte avstanden mellom Fedje og Florø.
- Å håpe på to hovudverndepot så nær kvarandre er vel kanskje tvilsamt, seier han.
Ser faren for nedbygging
Floraordførar Bente Frøyen Steindal ser faren for nedbygging i Florø, men forventar at Florø får behalde det dei har.
- Faren er der, men det er heilt feil å flytte noko frå Florø. Det ventar eg at dei ikkje gjer. No jobbar vi med dette inn mot Stortinget, seier ho.