Hopp til innhold

Sturle er bitcoinmillionær

FLORØ (NRK): Sturle Sunde sa opp jobben sin for å kjøpe og selje digitale myntar. Det heile begynte med eit par ullsokkar. No kjempar han for momsfritak.

Sturle Sunde med ullsokkar

DU STORE ALPAKKA: Desse alpakkaullsokkane var det første Sturle Sunde kjøpte med bitcoins. Dei kosta om lag 40 myntar. Det svarar til om lag 160.000 kroner i dag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

For mange er det vanskeleg å få grep om kva bitcoin eigentleg er, men for Sunde har det vorte ei fast inntekt, og resultert i eit nyoppussa hus.

Florøværingen sit i kjellaren sin like utanfor Florø sentrum og prøver å kjøpe til låg pris og selje til høg pris.

– No sit eg og sel via ein finsk nettstad, fortel han.

Etter kvart såg han at han hadde så god forteneste på dette at han tente det same på ein månad med bitcoinhandel som han gjorde på eitt år som IT-konsulent i Flora kommune.

No har han slutta i jobben for å leve av den virtuelle handelen.

Han vil ikkje seie kor mykje han har tent, men seier det er mellom éin og fleire millionar kroner.

Kjempar mot moms

Den siste tida har han fungert som ein slags talsperson for bitcoin i Noreg. Han kjempar for at det ikkje lenger skal vere moms på handel med bitcoin. Rett før nyttår var han på Stortinget for å snakke til finanskomiteen.

Det er banebrytande teknologi, sa han til forsamlinga. Du kan sjå video av innlegget her:

Sturle Sunde held innlegg for finanskomiteen på Stortinget om bitcoin.

Sturle Sunde på Stortinget

STORTINGET: Sturle Sunde møtte finanskomiteen på Stortinget i desember.

Foto: Stortinget

Sunde utdjupar til NRK:

– Viss du til dømes skal kjøpe noko frå utlandet og vil betale med bitcoin, må du betale dobbel moms, slik det er i dag. Først betalar du moms for bitcoin, og så betalar du i tillegg moms for å få vara levert frå utlandet.

Forskar-støtte

Svein Ølnes

FORSKAR: Svein Ølnes ved Vestlandsforsking meiner handel med bitcoin bør vere utan moms.

Foto: Vestlandsforskning

Det er Skattedirektoratet som har bestemt at det skal vere moms på bitcoin. Dei jobbar med å lage ny lovgjeving på dette. Dei kan ikkje svare NRK på kva dei konkluderer med.

Forskar Svein Ølnes ved Vestlandsforsking er heilt samd med Sunde i at det ikkje burde vere moms på den digitale valutaen.

– Der er eg heilt einig med Sturle. Alle ser at det er urimeleg. Og det stoppar ei spennande utvikling.

Ullsokkar verdt 160.000 kroner

Sturle Sunde

DIGITAL MILLIONÆR: Sturle Sunde sa opp jobben som IT-konsulent i Flora kommune. No er han digital valutahandlar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Bitcoin har hatt ein enorm verdiauke dei siste åra. Eit godt døme på det er eit par ullsokkar av alpakkaull som var noko av det fyrste Sunde kjøpte med bitcoin i byrjinga av 2010.

Han betalte kring 40 myntar med bitcoin for sokkane, noko som tilsvarte mellom 30 og 40 kroner då.

I dag er 40 myntar med bitcoin verdt kring 160.000 norske kroner, og sokkane har altså fått ein betydeleg verdiauke.

– Det var eit veldig godt kjøp, for dei er gode og varme, men eg hadde nok ikkje betalt 160.000 kroner for dei i dag, smiler Sunde.