Hopp til innhold

Flora nektar å godta skulekutt

Utdanningsforbundet ved Flora vidaregåande skule nektar å godta kutta som fylkesrådmannen tilrår til skulebruksplanen.

Flora vidaregåande skule

KAN MISTA FLEIRE LINJER: Flora vidaregåande skule.

Foto: NRK

– Me krev at det breie utdanningstilbodet og fagmiljøet ved skulen vert vidareført, seier Arve Grøneng, klubbleiar i Utdanningsforbundet ved Flora vidaregåande skule.

Torsdag la Fylkesrådmann Tore Eriksen fram sitt framlegg til kva skular og utdanningsløp som skal kuttast og flyttast ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Skulane i Høyanger, Luster og Stryn, samt avdelinga i Jølster ved Mo og Jølster vidaregåande skule, er alle skular fylkesrådmannen vil leggja ned.

Men også ved dei fleste skulane som får bestå kan det bli store endringar, også i Florø. Der tilrår Fylkesrådmannen å leggja ned. bygg- og anleggsteknikk, idrettsfag, service og samferdsle, barne- og ungdomsarbeidar (VG2) samt påbygging til generell studiekompetanse.

Om dette blir dei faktiske endringane, vil skulen stå att med studiespesialisering (vg1, vg2 og vg3), elektrofag (vg1, vg2 data og elektronikk og vg2 el-energi), helse- og oppvekstfag (vg1 og vg2 helsearbeidarfag), service og samferdsel (vg2 IKT-servicefag) og teknikk og industriell produksjon (vg1, vg2 brønnteknikk og vg2 industriteknologi).

– Fylkesrådmannen har ikkje teke omsyn til verken elevane eller næringslivet i Flora. Mangfaldet ved skulen er svært viktig for rekruttering til næringslivet i kommunen, seier Grøneng.