Hopp til innhold

Flora-elev: Politiet bør innrømme at aksjon var feil

FLORØ (NRK): – Eg trur ikkje eigentleg dei kjem til å innrømme at dette var feil, men eg synst dei burde det, seier Jim-Rune Pedersen.

Jim-Rune Pedersen har skrive lesarinnlegg om saka

VIL HA ORSAKING: Jim-Rune Pedersen meiner at politiet bør innrømme at narkoaksjonen på Flora vidaregåande skule var feil.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Jim-Rune Pedersen er elev på Flora vidaregåande skule. Etter det som skulle vere eit informasjonsmøte førte til arrestasjon av to elevar, er det fleire som har reagert på politiet sin framgangsmåte på skulen.

– Dei fleste eg har prata med, er einige med meg i at politiet burde handtert dette annleis, fortel Jim-Rune Pedersen.

Han går i 3. klasse på studiespesialiserande ved Flora vidaregåande skule, og seier at han trur det kan verka mot si hensikt å ha slike aksjonar.

– Eg er redd dette svekkar tilliten mellom ungdomen og politiet, og gjer det vanskelegare å be om hjelp.

Ynskjer orsaking frå politiet

Pedersen vil ikkje legge seg opp i lovlegheita i det politiet gjorde, men synest etisk sett at politiet burde orsake.

– Å bruka ein informasjonsdag som skalkeskjul for å aksjonera mot ungdom, er ikkje greitt.

Han fortel at hundane markerte på elevane i fellesområdet, like innanfor hovudinngangen.

– Det var jo mange som fekk det med seg, sjølv om dei prøvde å dempe det. Og då startar jo rykteflaumen på ein liten stad som dette.

Jim-Rune Pedersen

Jim-Rune Pedersen fortel at markeringa av elevane skjedde her i biblioteket.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Men politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, ser ingen grunn til å orsake.

– Me ser ikkje noko behov for orsaking. Me har gjort ein god politijobb i tett dialog med skuleleiing og elevar. Samstundes lærer ein av alt, og me tek innover oss den debatten som har vore no og har gitt beskjed om at narkotikahundar ikkje skal brukast på førebyggande dagar på skular.

– Ingen tvil om at me har eit narkoproblem

Pedersen fortel at elevane ikkje ueinige i at det er eit stort problem med narkotikabruk i Florø, men meiner politiet si handsaming ikkje var den luraste.

– Det kan vera mange årsaker bak narkotikabruk i så ung alder, og eg meiner at det hadde verka betre å prøve å få kjennskap til dette – framfor å straffe.

Han hadde heller ynskt ein informasjonsdag med helsepersonell og nokon som sjølv har slite med narkotikamisbruk.

Bakgrunn: