Hopp til innhold

- Uakseptabelt å behandle skuleelevar slik

– Ingen vaksne ville tillate tilsvarande kontrollar på sin arbeidsplass, seier Olivia Corso Salles (SV) om narkoaksjonen på Flora vidaregåande skule.

Inne på Flora vidaregåande skule
Foto: Artur do Carmo / NRK

Det har kome sterke reaksjonar etter at politiet arresterte to personar under eit besøk på den vidaregåande skulen i Florø, torsdag førre veke..

Dei var der for å informere om narkotikabruk, og hadde med seg narkohundar. Desse markerte på to av elevane, som vart arresterte av politiet.

Fleire juristar meiner politiet braut lova.

– Eg vil ikkje gå inn i ein diskusjon på jussen, i og med at eg ikkje er noko jurist. Me har retta oss etter dei retningslinjene som finst frå riksadvokaten og andre, seier Tormod Hvattum, fungerande leiar for politiet i Sogn og Fjordane.

Han er ikkje tvil om at det var rett å arrestere elevane.

– Når politiet kjem over straffbare forhold, så må me aksjonera.

Har tiltru til politiet

Solveig Horne (Frp) meiner også det var rett av politiet å handle.

– Politiet seier dei samarbeida med skulen om førebygging, og det må me tru på. Når dei finn narkotika, så må politiet handle, seier ho.

Samstundes seier ho at slike aksjonar er problematiske.

– Departementet har gitt føringar til politiet om at dei ikkje skal gjennomføre hundeaksjonar på skular, så der har juristane rett.

Frida Melvær (H) meiner det er opning for slike aksjonar i lovverket, og legg til grunn at politiet har følgt desse retningslinjene.

– I Høgre er me mest opptekne av at ungdomen får hjelp til å kome seg ut av rusmiljø.

Mistenkeleggjering

På venstresida er det større skepsis til politiet si framferd. Olivia Corso Salles (SV) meiner vaksne aldri hadde akseptert det same.

– Ungdom skal, som vaksne, vera sikre på dei ikkje vert utsett for det som i realiteten er vilkårleg ransaking frå politiet, seier Salles.

Ho har sjølv opplevd kontrollar frå politiet då ho var elev ved Sogn vidaregåande skole i Oslo, og fortel om ei kjensle av mistenkeleggjering av alle elevar.

Motsett effekt

Salles meiner at slike maktmiddel ikkje motverkar narkotika blant ungdom.

– Det skadar tilliten framfor for å bygge den, seier ho.

Tobias Drevland Lund (Raud ungdom) fortel at partiet er ueinige i slike aksjonar fordi det er basert på frykt og mistanke.

– Når politiet seier dei kjem eins ærend til ein skule for å opplyse, og endar med å arrestere folk, så meiner eg det er ei ganske skummel utvikling.

Uakseptabelt

Arild Hermstad (MDG) tek opp rettstryggleiken til elevane og meiner dette ikkje bidreg konstruktivt i førebyggingsarbeidet.

Ville ein akseptert det same om dei hadde gjort det på kommunehuset eller sjukehuset i Førde? Det tvilar eg sterkt på, og det er heilt uakseptabelt å behandle skuleelevar på den måten.

LES OGSÅ: