Hopp til innhold

Flo: - Det var sjølvmål

Håvard Flo vart kreditert som match-vinnar då Sogndal slo Mjøndalen borte søndag kveld. Men veteranen hevdar hardnakk å ikkje ha scora noko mål.

Håvard Flo

ÆRLEG: Håvard Flo stadfester at det ikkje var han som sikra tre poeng for Sogndal.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Det var eit fint slått frispark frå Per Egil (Flo, jour. anm.), som ein Mjøndalen-forsvarar sette i eige mål. Eg såg ikkje kven der var, då det var mykje folk inne i feltet, seier Flo til Sogn Avis.

Men dommaren krediterte Flo målet, og i alle kampreferat er det Sogndals 40 år gamle superinnbytar som er oppført som målscorar i kampens 75. minutt.

«Håvard Flo ble matchvinner søndag. Han fikk så vidt en tå på et frispark fra nevøen Per Egil, og det ble kampens eneste mål», skriv VG Nett i sitt referat frå 1. divisjonsrunden søndag kveld.

Også NRK Sogn og Fjordane melde Flo som målscorar:

Sigeren på Nedre Eiker var forøvrig Sogndals første nokon gong borte mot Mjøndalen. Sogndølene toppar no tabellen fem poeng framfor Fredrikstad som har éin kamp mindre spelt.