Hopp til innhold

Tid til utanlandsdraumen i oppladinga til storkampen

Midt i oppladinga til storkampen mot Italia har Per Egil Flo tid til å drøyme både om startplass i kveld og Tyskland i framtida.

Per Egil Flo

GOD STEMNING: Smil og latter, men fullt fokus før den viktige kampen mot Italia for Per Egil Flo og lagkameratane.

Foto: Bård Siem / NRK

– Tyskland hadde vore bra. Der er det mykje interesse for fotball og fullstappa stadion kvar gong. Det hadde vore midt i blinken, seier Flo.

NRK møter den 25 år gamle stryningen på Ullevaal stadion i samband med at landslagssjef Per-Mathias Høgmo og landslaget gjer seg klare til EM-kvalifiseringskampen mot Italia i kveld.

Saman med Vegard Forren, Mads Møller Dæhlie og Tyskland-proff og landslagskaptein Per Ciljan Skjelbred gjer Flo dei siste førebuingane før kampen. Treninga verkar lett, og det er mykje smil og latter å sjå. Men alle vil spele i kveld, og det er tøff konkurranse om plassane.

– Ja, eg meiner eg er god nok for laget. Hadde eg ikkje meint det, hadde eg ikkje hatt noko her å gjere. Men om eg spelar vert opp til Per-Mathias.

Stor framtid

Pedersen

STOR FRAMTID: Meiner Morten Pedersen i Dagbladet.

Foto: NRK

Dagbladet sin mangeårige fotballkommentator Morten Pedersen er ein av mange pressefolk på Ullevaal. Medan landslagstrenaren har det travelt for å kome seg ut på treningsfeltet, svarar Pedersen engasjert på spørsmåla våre om Flo.

Han meiner Per Egil, som er nevøen til Håvard Flo, kan ha ei stor framtid som landslagsspelar.

– Han er ein type spelar som passar inn i stilen og måten landslagstrenaren meiner det skal spelast på, med offensive backar. For Molde i Tippeligaen ser ein heile tida at Flo kjem høgt i bana og at han er flink til å slå innlegg. Han er slik sett skreddarsydd for den fotballen Norge skal spele, seier Pedersen.

Men fotballkommentatoren meiner Flo bør bli betre defensivt.

– Det gjeld særleg ein mot ein. Men det er ein mangel hjå dei fleste norske spelarane, seier Pedersen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Egil Flo

LETT TRENING: Før kampen mot Italia.

Foto: Bård Siem / NRK

Vil til utlandet

Flo debuterte på A-landslaget mot Dei sameinte arabiske emirata nyleg, og han spelte store delar av kampen mot England på Wembley sist onsdag. Målet er å etablere seg på landslaget.

– Det var ein grei kamp sidan det var den første for meg på så høgt nivå. Målet er ein fast plass i troppen, og få så masse speletid som mogleg.

Han meiner fysikken, og då spesielt kondisjonen, i tillegg til ein god venstrefot er dei største styrkane hans som fotballspelar. Den einaste spelaren frå fylket er nok ein Flo.

– Det er vel mest eit resultat av interessa. Når dei første «floarane» gjorde det godt, så har vi yngre sett opp til dei, og har villa gjere det same.

– Du var beskjeden no. Det må vere ein del talent?

– Talent tek deg eit stykke. Men så er resten veldig hardt arbeid for å ta dei ekstra stega. Det er mange timar med trening som ligg bak, seier Flo, som er svært spent på om han får spele mot Italia i kveld.

Rundt han på treningsfeltet ser han på dei beste fotballspelarane i landet, og tillèt seg å drøyme om ein kvardag i Tyskland.

– Ja, det er mange gode spelarar her, mange utanlandsproffar. Det hadde vore fint å få same kvardag som dei, seier Flo.

Per Egil Flo

TYSKLAND: Som lagkamerat Tarik Elyounoussi (t.h.) vil Per Egil Flo gjerne til Tyskland.

Foto: Bård Siem / NRK