NRK Meny
Normal

Toppscoraren hadde tru på medalje - no håpar Ulrik Flo på årets første heimesiger

Med håp om medalje la Sogndal-spiss Ulrik Flo lista høgt før seriestart. Etter sju kampar er laget sist i eliteserien. Til helga kjem Start til Fosshaugane.

Ulrik Flo scorer

HÅPAR: Ulrik Flo scora to mål borte mot Bodø/Glimt. Søndag jaktar han nye scoringar når Start kjem til Fosshaugane.

– Topp tre er realistisk med den sesongoppkøyringa vi har hatt no, sa Ulrik Flo berre dagar før fotballen rulla att i mars.

Sogndal hadde då lagt bak ei oppkøyring med to sigrar over Brann, siger over Start og Aalesund og uavgjort borte mot noverande serieleiar Molde.

– Må håpe og tru

Etter sesongens sju første kampar er det lite som tyder på at det i år kan dukast til medaljefest i verdas einaste tippeligabygd.

Sogndal er sist med fire poeng på sju kampar, og har saman med Brann og Sandnes Ulf sleppt inn flest baklengsmål. 15 i talet. Avstanden til Viking på bronseplass er 11 poeng.

– Eg kan innrømme at eg håpa på topp tre-plassering, sjølv om eg veit det er ekstremt vanskeleg og mykje å håpe på. Men om ein ikkje håpar og trur på det, så skjer det ikkje noko, seier Flo i dag.

– Det er mogleg

For det er berre borteoppgjeret mot Haugesund at Sogndal har gått sigrande ut av. Elles har heimepublikumet berre kunne juble over eitt poeng – mot Sarpsborg 08.

Laster innhold, vennligst vent..

Sjølv har Flo scora tre av Sogndal sine åtte mål.

– Tok du deg vatn over hovudet då du uttalte medaljehåpet?

– Nei, det er litt korleis ein tolkar det. Eg har sagt det er mogleg å komme topp tre. Kor realistisk det er, kan eg ikkje hugse å uttala så mykje om. Alle lag har moglegheit til å bli topp tre, så må ein klamre seg til det håpet.

– Ein vakker sesong ...

– Ein ser fort at kvardagen er hardare enn som så, og at det skal mykje til for ein liten stad som Sogndal å klare topp tre. Men eg står på at det er mogleg. Kanskje ein vakker sesong, så står vi der, legg Flo til.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Laster innhold, vennligst vent..

Med 23 kampar att, er sesongen framleis ung. Det er jamt i botn og siger heime mot Start i helga kan løfte sogndølane godt opp på tabellen. Med andre ord er det ingen grunn til å rope krise med store bokstavar.

Trur på siger – igjen

Likevel vedgår Flo at dei kjenner presset. Og at det også er grunnen til at han trur heimepublikumet får juble over full poengfangst mot Start på søndag.

– Ja, det trur eg absolutt. Eg seier som sist, at første sigeren kjem og denne gongen på heimebane, seier spissen som også tippa Sogndal sin første trepoengar borte mot Haugesund.

– Det har litt med at vi er nøydde til å vinne. Det er som regel når Sogndal er i pressa situasjonar vi får til gode prestasjonar, seier han og legg til:

– Må ha kniven på strupen

– Det høyrest kanskje rart ut at vi må ha kniven på strupen, før vi får ut potensialet.

– Har de trudd at de var betre enn de er?

– Nei, det føler eg overhovud ikkje. Eg føler vi har gått ut med god innstilling og vore ganske gira før kvar. Vi er Sogndal og tenkjer ikkje å vere favorittar i nokon kamp, men vi må vere innstilt på å gjere alt vi kan for å få tre poeng.

Karadas åtvara

Forsvarsspelar Azar Karadas åtvara før seriestart folk om å skru forventingane for høgt etter den sterke sesongoppkøyringa.

Trenar Jonas Olsson har halde på formasjonen han prøvde ut då. Flo meiner laget har mista litt av gneisten dei hadde, men ser ikkje bort frå at laga dei møtte var svekka.

– Uansett føler eg vi har prøvd å oppleve på ny det same i sesongen utan hell, men kva ein skal legge fingeren på er ikkje enkelt, seier han og trur detaljar har gjort store utslag.

– Det er detaljar som vi prøver å rette på inn mot kvar kamp. Frå press til fall, presshøgde, kommunikasjon og distanse mellom ledda, seier Flo.

Og både håpar og trur at detaljane er på plass mot Start førstkommande søndag.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå