Hopp til innhold

Flo teikna SIL-kontrakt ut 2013

Ulrik Flo har skrive under ein Sogndal-kontrakt som held han i klubben ut 2013.

Ulrik Flo

KLAR FOR NYE ÅR: Ulrik Flo har teikna ny kontrakt med Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har funne meg til rette med skule, kjærast og heile pakka, så det er eit naturleg tidspunkt å gjere det på. Eg og Sogndal var einige, så då var det ei grei sak for begge partar, seier Ulrik Flo til sogndalfotball.no.

No satsar 22-åringen på å vise seg meir fram i Sogndal-drakta. Målet er å ta steget vidare når sjansen byr seg.

Det er også tankar leiinga i Sogndal har i bakhovudet.

– Han har etablert seg på eit høgt nivå dei siste åra, og vi har stor tru på at han for alvor kan slå gjennom framover. Han har dei eigenskapane som skal til, og vi håpar at han verkeleg vil slå gjennom på toppnivå, seier dagleg leiar Egil B. Mundal til nettstaden.

Ulrik Flo kom til Sogndal frå Stryn framfor 2007-sesongen, men fekk grunna mykje skadeproblem kom ikkje det store gjennombrotet i den nye klubben før i 2009. Stryningen står no med 113 kampar og 25 mål for Sogndal.