Hopp til innhold

Flo håpar på brutal start med ny klubb

Stryningen Ulrik Flo kan få ein brutal start med sin nye klubb. – Dortmund i første kamp blir veldig spennande, seier 26-åringen.

Ulrik Flo

SAT LANGT INNE: Ulrik Flo vedgår at det sat langt inne å reise frå Sogndal. – Men det er ikkje sikkert eg får flust med sjansar, så eg vel å ta denne sjansen, seier Flo.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ulrik Flo er ikkje med når Sogndal i dag tek i mot Brann på Fosshaugane Campus. For kort tid sidan skreiv 26-åringen under for eliteserieklubben Odd.

Allereie torsdag kan han få debuten når skiensklubben tek i mot den tyske storklubben Borussia Dortmund.

– Det blir ein brutal start og eg håpar eg får debuten. Det hadde vore fantastisk artig å fått moglegheit til å vere med på det, seier stryningen.

– Må ta sjansen

Dermed er tida som Sogndal-spelar over for Flo. 26-åringen kom frå Stryn til Fosshaugane Campus framfor 2007-sesongen. Han har tidlegare signalisert at han ynskjer å prøve seg andre stader og var på utgåande kontrakt med 1. divisjonsklubben Sogndal.

Laster innhold, vennligst vent..

I dag passerte han den medisinske testen i Skien. Odd må ifølgje Varden truleg ut med ein liten kompensasjon for spissen.

– Eg har vore lenge i Sogndal, og er klar for nye utfordringar for å forbetre mi eiga utvikling. Eg byrja å dra på åra, så skal eg oppleve noko nytt, så er det tida for det no, seier han.

Har trua på fast plass

Flo har over tid kjent til interessa frå Dag-Eilev Fagermo og har hatt fleire samtalar med Odd. Også andre klubbar har vore interesserte i å sikre seg spissen som har scora 39 mål i cup- og seriespel for Sogndal.

Fagermo har sjølv uttala at stryningen kan gå rett inn på laget.

– No får eg i alle fall vise meg fram. Eg har veldig trua på meg sjølv og vil jobbe steinhardt for ein fast plass på laget, seier Flo og ser fram til nye utfordringar i ny klubb.

Rett, men vemodig

– Valet var ikkje heilt enkelt. Ein legg bak seg mykje når ein har vore så pass lenge i ein klubb. Det er vemodig, men samstundes er eg heilt sikker på at det er dette eg vil, seier han og legg til at han vil sakne miljøet Sogndal.

Han har med seg mange gode minner når han endeleg tek flyttelasset til Skien.

– Opprykket i 2010 var ein episk kveld. Den set langt inne. Og sjølvsagt dei gangane vi heldt oss i Tippeligaen. Det har vore ei berg- og dalbane, men mest oppturar, seier han.

– Og så håpar du å møte Sogndal i eliteserien neste år?

– Ja, det gjer eg. Eg har veldig lyst til at Sogndal framleis skal klare opprykket.

Laster innhold, vennligst vent..