Flo gjer comeback på Sogndal

Håvard Flo gjer comeback i Sogndal. Dermed tek han på seg Sogndalstrøya med nummer 8 på ryggen att.

Håvard Flo

PÅ BANA ATT: Etter halvanna år i støtteapparatet, tek Håvard Flo på seg spelartrøya att.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Håvard Flo takka for innsatsen i Sogndal-trøya.

SISTE KAMP: Håvard Flo fekk blomar etter siste kampen i november 2008.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Flo, som blir 40 år 1. påskedag, seier til sogndalfotball.no at trenar Harald Aabrekk har sett potensiale i han.

– Han lurte på om eg kunne tenka meg å spela igjen for Sogndal. I utgangspunktet var eg ikkje heilt gira på tanken, men i og med situasjonen er som den er, med litt tynn tropp, og slitasjen på spelarane kan vera stor, så tok eg dette valget, seier han.

Dei unge skal vere fokus

Sogndal har eit ungt lag og Flo seier at det framleis skal vere dei unge lovande spelarane som skal vere i fokus.

– Men slik det er i nesten alle topp-klubbar, så er det ei litt tynnare tropp enn det var for nokre år sidan. Vi er i ein situasjon der vi må setje tæring etter næring, så eg tykjer det er greitt å støtte laget på denne måten.

Kona sa ja

Flo seier at han ikkje hadde teke dette valet om han ikkje hadde støtte i heimen.

– Familien har vore eksepsjonelle. Kona mi forstår at dette er noko eg gjer for å støtte klubben min, og ikkje noko sjølvrealisme for min eigen del.

Framleis andre oppgåver

Siste kampen han spelte for Sogndal var i november 2008. Etter det har han jobba for klubben. Og han skal framleis ha administrative oppgåver innad i klubben sjølv om han no tek på seg Sogndalstrøya att.

Måndag er det klart for forste kamp i 1. divisjon i år. Sogndal møter Ranheim I.L. Fotball på heimebane.

Flo veit enno ikkje om han skal spele denne kampen.

- Det blir iallefall ikkje frå start.

Sjå kampen i nett-TV

Kampen mellom Sogndal og Ranheim kan du sjå direkte i nett-TV 2. påskedag frå klokka 18. Du kan også få tekstoppdatering minutt for minutt .