Hopp til innhold

Fleire vil vere utan arbeid i 2014

Neste år stig arbeidsløysa truleg med 14 prosent. Det betyr at 1240 personar i Sogn og Fjordane vil stå utan jobb.

Frode Henden

VENTAR FLEIRE LEDIGE: Frode Henden i NAV seier prognosar viser at arbeidsløysa stig med 14 prosent neste år.

NAV Sogn og Fjordane har utarbeidd ein prognose for utviklinga på arbeidsmarknaden i 2014. Presseansvarleg Frode Henden seier at utviklinga som har vore dei siste månadane, held fram neste år.

– Det er ikkje veldig uventa, for vi har sett ein svekka arbeidsmarknad utover hausten. Vi ser det same som på landsnivå, at etterspurnaden etter arbeidskraft er svakare.

Færre manglar folk

Den gjennomsnittleg arbeidsløyse kan auke med om lag 150 personar i 2014. Dette er ein auke på 14 prosent frå 2013. Med denne auken vil i gjennomsnitt 1 240 personar, eller 2,2 prosent av arbeidsstyrken, vere heilt utan arbeid i 2014.

– Fleire bransjar har nok folk og vi har færre bedrifter som manglar folk, seier han.

Fryktar dalande kurve i handelsnæringa

Dei siste månadene har situasjonen på arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane forverra seg. Etterspurnaden etter arbeidskraft har gått ned og auken i arbeidsløysa har blitt større.

Det har vore størst nedgang i jordbruk, skogbruk, fiske, barne- og ungdomsarbeid og butikk- og salsarbeid.

– Butikknæringa er ein indikator som viser at vår lyst til å handle er redusert. Næringa er veldig spent på julehandelen. Dette er ein viktig periode for næringa, for ein er redd for dalande kurve inn mot 2014, seier han.

Trur fleire vil pendle

Sjølv om det er bransjar som ikkje treng fleire folk, er det andre som slit med å få tak i kvalifisert arbeidskraft.

– Det ser vi når det gjeld fagarbeidarar i bygg- og anlegg, industri, transport og helse. Det er framleis eit breitt utval av jobbar, men mangelen har blitt noko mindre, seier han.

Hittil i år har arbeidsløysa auka med åtte prosent og gjennomsnittleg arbeidsløyse er 1,9 prosent. Dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå sin arbeidskraftundersøking viser ein nedgang i sysselsetjinga i 3. kvartal i år, samanlikna med same periode i fjor.

Ein svakare arbeidsmarknad vil truleg føre til at færre pendlar ut av fylket, noko som NAV trur kan auke arbeidsløysa med om lag 50 personar.

– Vi trur at nedgangen i sysselsetjinga vil bli størst innan jordbruk, skogbruk og fiske, delar av industrien og hotell og restaurant. Eg vil likevel seie at arbeidsløysa er låg samanlikna med landstalet, seier han.