– Arbeidsmarknaden har blitt gradvis litt svakare det siste året. Denne trenden trur vi vil halde fram, seier NAV-direktør Tore Thorsnes i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.
Det er no 1040 heilt ledige i Sogn og Fjordane, noko som gir ei arbeidsløyse på 1,8 prosent. Trass denne auken har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet.
Arbeidsløysa på landsnivå er på 2,6 prosent og det er no 69.564 heilt ledige.
- LES OGSÅ:
Størst auke blant kvinner
Frå september i fjor har arbeidsløysa auka med 25 prosent blant kvinner, mot sju prosent blant menn. Av den totale auken på 134 ledige, utgjer kvinner 95.
Arbeidsløysa har auka i alle næringsgrupper. Over halvparten av auken i arbeidsløysa har kome innan industri, helse, pleie og omsorg og butikk- og salsarbeid.
I industrien er det menn som står for auken, mens kvinner står for det meste av auken i dei to sistnemnde gruppene. I industrien er det 234 heilt ledige i september, ein auke på 24 frå september i fjor.
Helse, pleie og omsorg og butikk- og salsarbeid har begge ein auke på 23 personar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Positivt for ungdom
Ungdom under 20 år har ein reduksjon i arbeidsløysa på 19 prosent frå september i fjor. I aldersgruppa 20–24 år er det ein reduksjon på éin prosent. Dermed held den positive trenden vi har sett dei siste månadene fram. Aldersgruppa 50–59 år har størst auke med 38 prosent.
Til trass for auken på fylkesnivå, har åtte kommunar ein reduksjon i arbeidsløysa frå september i fjor. Årdal, ein kommune som tidlegare har hatt høg arbeidsløyse, har ein reduksjon på 28 personar.
Kystkommunane Vågsøy og Bremanger har høgast arbeidsløyse, med høvesvis 4,2 prosent og 3,1 prosent. Fem kommunar har ei arbeidsløyse på under éin prosent. Aller lågast er Hyllestad med berre 0,4 prosent.
Fleire permitterte
81 av dei heilt ledige i fylket er permitterte. Dette er 12 fleire enn i september i fjor. 28 av dei permitterte kjem frå fiskeindustrien, ein reduksjon på 4 personar frå september i fjor.
I september vart det lyst ut 372 ledige stillingar i Sogn og Fjordane. Det er ein reduksjon på seks prosent frå same månad i fjor. Reduksjonen er størst innan butikk- og salsarbeid. I bygg og anlegg er det lyst ut 41 nye stillingar i september, ein auke på 71 prosent frå september i fjor.