Hopp til innhold

Dobbelt så mange polakkar går på dagpengar

Nedbemanning i bygg- og anleggsbransjen gir store utfordringar for aust-europeiske arbeidarar. NAV i Sogn og Fjordane har registrert ei dobling sidan i fjor.

Frode Henden

UROA: Frode Henden i NAV seier at det er utfordrande at arbeidsløysa aukar blant innvandrarar i byggjebransjen.

Foto: NAV/NRK Kjell Mikalsen

– Særleg polske arbeidarar har fått seg ein trøkk på grunn av nedbemanninga i bygg- og anleggsbransjen og i mekanisk industri, fortel pressekontakt i NAV Sogn og Fjordane, Frode Henden.

I fjor var det 58 arbeidsledige polakkar i fylket, no er talet oppe i 101 polakkar som ikkje har arbeid å gå til.

Utfordrande utvikling

Henden fortel at det er sokalla arbeidsinnvandrarar som blir hardast råka når det er tøffare tider.
– Det er per i dag 191 arbeidsledige frå Europa i Sogn og Fjordane. I tillegg ser me at flyktningar som har vore i arbeid også i større grad mistar jobben enn befolkninga elles.

– Dette er ei utvikling me ikkje likar – og det er utfordrande, seier Henden.

Uroa for framtida

Det er i hovudsak nedbemanninga som er årsaka til den auka arbeidsløysa blant polakkane. Etterspurnaden etter arbeidskraft frå Europa er redusert som følgje av marknadssituasjon i fylket og i resten av landet. Henden fortel at dette gjeld personar som har vore i arbeid i fylket vårt i opptil fleire år og som har opparbeidd seg rettar på dagpengar.

– Dette er ei relativt stor gruppe. Om lag ein femtedel av dei ledige i fylket kjem frå Europa. I tillegg har me flyktningane som også utgjer ein stor del. Dei har større vanskar med å kome attende i arbeid enn andre ledige.

Dårlege norskkunnskapar

Henden hevdar at årsaka til at polakkane mistar jobbane sine gjerne er at dei har vore innleigde på kontrakt, slik at dei mistar arbeidet fyrst.

Det er sjølvsagt også slik at språk er ei utfordring når dei må ut for å leite etter ny jobb – det er ein heilt annan situasjon enn då dei vart henta til Noreg for å arbeide.

Dei som kjem som arbeidsinnvandrarar har sjølve ansvar for å ta kurs og betale for det. Dei har ikkje rett på norskopplæring slik som flyktningane har.

– Veldig mange av dei har ikkje gått på norskkurs. Me ser dessverre at mange har arbeidd i eit polsk kollegium, der ingen har kommunisert på norsk, men greidd seg med polsk og engelsk, seier Henden.

Må tvinge polakkar til å lære norsk

Kva gjer de i NAV for polakkane som blir arbeidsledige i byggjebransjen no?

– Me må sjølvsagt prioritere desse like mykje som heile gruppa. Me kan ikkje arrangere språkkurs, men me kan oppnå ein del ved å plassere ut arbeidsledige polakkar i bedrifter der me er merksame på språkutfordringar, der me nær sagt tvingar dei til å ta til seg norsk språk. Det er ein ganske lang prosess, og det er individuelt kor motiverte dei er for det, svarer Henden.

Fleire enn venta blir att i Noreg

– Moglegheitene i Polen er heller ikkje så store, så me ser at fleire enn venta, også dei som ikkje har familie her, blir att i Noreg. Dei har opparbeidd seg greie dagpengerettar, og lir inga naud slik sett det fyrste året.

– Eg er heilt sikker på at me får bruk for alle saman når tidene snur att. Men det er veldig uheldig at mange av desse blir gåande utan jobb veldig lengje. Då vil dei også bruke opp dagpengerettane sine, og det er ikkje ei gunstig utvikling i det heile teke, avsluttar Henden.