Hopp til innhold

Folk vil ha eksklusiv, lokal julemat - mange middagsbord med geiteribbe i år

Fleire vil ha eksklusiv julemat til jul. Lokale kjøttprodusentar i Sogn og Fjordane opplever stor etterspurnad etter kortreist julemat.

Lokale kjøttprodusentar, Kandal Kjøt og Ellevilt AS

LOKALT ER BRA: Paul Nygård i Kandal Kjøt og Bernt Aleksander Elle i Ellevilt AS i Luster fortel begge at dei opplever ei auke i etterspurnaden etter dei lokale varene no til jul.

Foto: privat

Tysdag er det sjølve julekvelden og julemat i alle slags variantar fyller opp borda i dei mange heimane i Sogn og Fjordane. Og nokon serverer heilt spesiell julemat i år.

– Det er nok ein del som kjem til å ha pinnekjøt av geit på bordet i år ja, fortel dagleg leiar ved Kandal Kjøt, Paul Nygård, dagleg leiar ved Kandal Kjøt.

For salet av eksklusiv julemat har auka veldig dei siste åra.

Og ikkje berre for maten, også dei lokale bryggeria fekk merke den enorme etterspurnaden etter deira juleprodukt. Både Ægir og Kinn har dobla produksjonane sine sidan i fjor. Ægir var utselde ein månad før ju.l

Pinnekjøt av geit har gått som varmt kveitebrød kan Nygård fortelje. Dei har selt 300–400 pinnesider av geit som er mykje for småskalaprodusenten.

– Vi hadde sikkert kunne selt meir dersom vi hadde hatt meir, men vi er heilt tomme, enda vi laga meir i år enn vi har gjort tidlegare. Så dette er eit etterspurd produkt, fortel Nygård.

Julemat av geit

Kandal Kjøt er ei familiebedrift som foreldra til Nygard starta opp i Kandalen. Her vart det i 2004 bygd opp eit eige produksjonsanlegg. Dei er ein småskala matprodusert som driv med foredling av gjet og kjekjøt. Produkta vert selt på lokale butikkar.

Spekemat av geit

SPEKEMAT: Kandal Kjøt sitt spekemat av geit.

Foto: Oskar Andersen Debra foto as

Når det kjem til julemat, tilbyr dei litt spesielle produkt der alt er basert på geit. Dei kan tilby både pinnekjøt av geit, kje-rull, sylteflesk og julepølse og spekekjøt.

Denne typen julemat har blitt selt frå garden sidan 1997, men dei siste åra har etterspurnaden auka.

– Smaken er veldig god og det har etter kvart blitt eit svært populært produkt, seier han.

Største skilnaden på geiteribba og fåreribba er feittet. Nygård seier feittet er meir flytande på geiteribba og det som gjer ribba spesielt god. I tillegg er den litt mildare på smak i forhold til ribba av får.

Ein ny tradisjon

Nygård fortel at dei har om lag selt 100 fleire sider i år enn tidlegare og at dei som kjøper stort sett er mannen i gata.

– Det er anten nokon som har hatt det frå gamalt av og vil ta opp att tradisjonen med geiteribbe, og så er det dei som synst det er litt spennande og prøve noko nytt, seier Nygård.

Fleire som er i den siste kategorien finn ut at det ikkje var så verst med geiteribbe og byter ut den tradisjonelle fåreribbe og held fram med å kjøpe den meir spesielle geiteribba.

– Det er nok ein aukande trend sett ifrå vår side, seier Nygård.

Kva trur du er grunnen til at de går tom for geiteribba før jul?

Det er nok litt med det at ein er medviten om at dette er litt spesielt og laga på ekte, gamal, tradisjonsvis. Og så er det jo litt spennande med noko nytt. I tillegg er det veldig godt, ler Nygård.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pølsestativ, julepølser, Kandal Kjøt

JULEPØLSER: Julepølser av geit.

Foto: Kandal Kjøt Da

Framhevar lokale råvarer

Det er fleire småskala matprodusentar i fylket som har merka den store etterspurnaden etter lokal mat. I Luster er det ikkje geiter, men lokale lam som gjeld.

– Eg såg at det var ein marknad for det og ville framheve dei lokale gode råvarene av lam ut frå distriktet, fortel Bernt Aleksander Elle i Ellevilt AS.

Ellevilt AS driv med produksjon av pinnekjøt og fenalår av lokale lam i Luster i tillegg til akevittmarinert aure, røykt med bjørk og einerflis og varmrøykt laks røykt med bjørkeflis. Produkta vert selt i Sogndal og Luster.

(Artikkelen held fram under biletet)

Laks og Aure, røykt, Ellevilt

RØYKT: Akevittmarinert aure går godt før jul hos Ellevilt AS.

Foto: Bernt Aleksander Elle

Selt eitt tonn pinnekjøtt

Desse produkta er det mange som vil ha, kan Elle fortelje.

– Vi handplukkar lammesider, tørrsaltar og så legg vi stor vekt på at vi tørkar det godt. Det er tydeleg at folk vil ha desse lokale produkta for det går unna no før jul, seier Elle.

I år har dei selt godt og vel eitt tonn med pinnekjøtt noko som er ei dobling frå fjoråret.

Pinnekjøtt Ellevilt AS

PINNEKJØTT: I år har Ellevilt AS selt godt og vel eitt tonn med pinnekjøtt.

Foto: Bernt Aleksander Elle

– Det er kjekt at folk er interessert i lokalprodusert mat med litt historie bak. I tillegg har vi dei siste dagane no røykt fisk heile dagen og det går unna.

Elle trur folk er meir opptekne av å vite kvar råvarene kjem ifrå og korleis dei vert laga.

Paul Nygård i Kandal Kjøt trur også deira geiteribbe vil halde fram med å vere eit populært produkt.

– Dette er nok eit produkt som er kome for å bli. Vi kjem i alle fall til å produsere meir av det. Det har blitt ein stor suksess og er eit produkt vi ikkje klarar å lage nok av, seier Nygård.