Hopp til innhold

Undredalsosten fall i smak på fjorden

– Ganske god, men den andre var betre, seier svenske Pär etter å ha smakt brunost frå Undredal om bord på ferja Fjærlandsfjord.

På ferja Fjærlandsfjord i Nærøyfjorden får du servert mat frå kringliggande produsentar.

SJÅ VIDEO: På ferja Fjærlandsfjord får turistane også «smake på» Nærøyfjorden. (Foto: Birger Meland/Redigering: Oddleif Løset)

For på turistferja som går frå Flåm til Gudvangen gir mat produsert i Sogn turistane ein ekstra dimensjon på fjordturen.

Ikkje berre får dei sjå, men også smake på det dei ser.

– Vi er i det området som av mange er kåra til verdas beste reisemål, og då er folk interessert i å sjå og oppleve korleis folk har det og få ein smakebit av det dei et. Viktig for oss å følgje opp, seier Bård Huseby i Fjord1.

Dyrt, men godt

Satsinga er i oppstarten, men så langt har turistane gjeve gode tilbakemeldinga. Danske Birgitte, Mikael og Anna meiner det er rett satsing å servere turistane mat som er produsert frå gardar rundt fjorden dei seglar på.

Sjølv om dei tykkjer mat er dyrt i Norge.

– Eg er vand med å smake på den lokale maten når eg er ute å reiser. Det er veldig spennande og interessant, og også noko av grunnen for at ein reiser, seier Birgitte og meiner dei får ei meir heilskapleg oppleving av ferjeturen på Nærøyfjorden.

– Ein milepæl

Bård Huseby og Odd Ohnstad

NØGDE: Bård Huseby hos Fjord1 og Odd Ohnstad.

Foto: Birger Meland / NRK

Odd Ohnstad frå Haugen Gardsmat i Flåm er ein av leverandørane av matprodukta.

– Det er ein milepåle for oss at ein av dei store tunge aktørane har bestemt seg for å satse på dette og går inn med stort alvor, seier han og fortel at turistane får servert både foråret, tapasrett og dessert laga av lokalprodusert mat.

Må følgje opp

I Fjord1 seier Bård Huseby at dei gjennom satsinga følgjer opp det turistane sjølve ynskjer. Nemleg eit så nært møte som mogleg med samfunnet dei vitjar.

Trerettaren om bord på Fjærlandsfjord kostar 240 kroner.

– Vi er i det området som av mange er kåra til verdas beste reisemål, og då er folk interessert i å sjå og oppleve korleis folk har det og få ein smakebit av det dei et. Det er viktig for oss å følgje opp, seier han.

– Når du har tid

Frode Leren

KAPTEIN: Frode Leren er pensjonist, men også kaptein på Fjærlandsfjord.

Foto: Birger Meland / NRK

– Det trur eg er noko vi delar uansett kvar i verda vi kjem frå. Når vi er på tur så ynskjer vi å smake litt på samfunnet vi er på besøk i, meiner Ohnstad.

Turistane får informasjon både gjennom tavler og over høgtalaranlegg, men dei kan også velje applikasjonar for å få informasjon om matprodusentane undervegs.

– Å sitje å velje i staden for å måtte følgje med på høgtalarane heile tida, gjer at du kan nyte opplevingane når du sjølv føler du har tid, seier Huseby.

– Spesiell

Anna frå Tyskland/Norge, Linn frå Vietnam og Pär frå Sverige.

SMAKFULLT: Anna frå Tyskland, Linn frå Vietnam og Pär frå Sverige tykte om ostane frå Undredal.

Foto: Birger Meland / NRK

Trioen frå Danmark tykte om å segle gjennom landskapet der maten er produsert.

– Det gir det heile ein ekstra piff, seier Mikael med eit smil. Ein ekstra piff vart det også for svenske Pär, vietnamesiske Linn og tyske Anna som fekk sitt første møte med geitosten frå Undredal.

– Wow. Den var litt spesiell, seier Linn og himlar med augo etter å ha smakt på brunosten.

– Eg også tykte den var god, men kanskje litt for søt, meir eller mindre spør Anna.

– Den er mild og god. Det likar eg, slår Pär fast etter å ha innteke kvitosten.