Hopp til innhold

Stengde vegar på grunn av fare for ras

Mykje snø og mildare temperaturar medfører stor rasfare. Fleire vegar er stengde på grunn av fare for ras.

Snøskred i Esebotn

SNØSKREDFARE: Det er stor fare for snøskred. Eit snøskred stengjer vegen på fylkesveg 55 i Esebotn.

Foto: Tipsar

I går melde NVE at faren for snøskred er på nest høgaste nivå, og at det er betydeleg fare for snøskred.

Fleire vegar er stengde i morgontimane fredag fordi rasfaren er stor, opplyser Vegtrafikksentralen. Det er usikkert kva tid vegane kan opne.

Her er dei stengde vegane:

  • Riksveg 13 over Vikafjellet – mellombels stengt
  • Fylkesveg 337 Hafslo – Veitastrond – mellombels stengt
  • Fylkesveg 152 Ulvastad – Menes – mellombels stengt
  • Fylkesveg 55 Kjenesskreda – Esefjorden, på strekninga Vadheim – Dragsvik – Blir ikkje opna i dag
  • Fylkesveg 92 Matre – Bjordalen–mellombels stengt

Les meir om tilhøva på vegane i Sogn og Fjordane her.