Hopp til innhold

Fleire vakna opp til snødekte fjelltoppar

Rykker det i skifoten, eller vil du helst at asfalten skal vere bar? Uansett kryp snøen lenger ned, men vi er likevel godt unna kulderekorden for oktober.

Fjærlandsfjorden

GODT LAG MED SNØ: På fjella kring Fjærland er det eit godt lag med snø. Her med utsikt til Fjærlandsfjorden.

Foto: NRK-TIPSAR

Etter ein våt start på helga vakna fleire opp til snøkledde fjell.

– Snøgrensa i dag ligg på mellom 600 til 800 meter, seier meteorolog Steinar Skare.

Det er i dag eller i morgon føremiddag du bør komme deg ut for å nyte synet av snødekte fjelltoppar og haustkledd natur i opplett.

Medan gårsdagen var heller ruskete med lyn og tore enkelte stader, lettar skyene i dag og gir oss stort sett opphaldsvêr med gløtt av sol.

– Det går sakte mot ei betring på laurdag. Sundagen byrjar med opphaldsvêr og lite vind, før det blir litt regn. Mest regn blir det i ytre strøk, seier meteorolog Haldis Berge.

Ute er det typisk hausttemperaturar, men det er kanskje like greitt. Særleg med tanke på kulderekorden i oktober her i fylket. For 75 år sidan blei det målt – 20,7 på Fannaråki i Luster. I dag ligg temperaturen mellom - 8 og -10.

Laster Twitter-innhold

Sognefjellet stengt på grunn av uvêr

Helga starta med ruskevêr. På grunn av uvêr var Sognfjellet stengt på fredag, og det vert heller ikkje opna att i dag.

På fredag oppmoda meteorologen alle om å tenke seg om to gonger før ein tok turen over ein fjellovergang. Vind og nedbør skapte vanskelege køyreforhold.

– Det er vinterføre, men vinden har stort sett roa seg, det seier Roger Nedberge Hille som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Del dine haustbilete med oss

Uansett om du tilbringer helga inne med ei god bok framfor peisen, eller ute på tur, så vil vi gjere at du delar dine bilete med oss.

  • Instagram: merk bileta med emneknaggen #nrksf og ta gjerne med kvar biletet er teke. Då kjem du med i biletkartet vårt.
  • SMS: Send bilete via melding med kodeord SF og send til 1987
  • Facebook: Send oss bilete via Facebook-sida vår
  • E-post: Bruk e-post sf@nrk.no
Laster innhold, vennligst vent..