Fleire ungdom prøver hasj

Hasjbruken blant gutar på vidaregåande aukar, ifølgje seniorrådgjevar ved Helse Førde. – Følg med på åtferdsendring og sjekk rommet til tenåringen din, er rådet frå politileiaren.

Arne Johannessen, ny einingsleiar for Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt.

KLAR OPPMODING: Følg med på ungdomen din, er rådet frå Arne Johannessen til foreldra.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– I Førde hadde vi i nokre år ein nedgang i talet på ungdom som testa hasj. No ser vi at dette talet aukar att. Det gjeld spesielt unge gutar på vidaregåande, seier Hans Johan Breidablik, seniorrådgjevar i Helse Førde. Dei har brukt Ungdata sine tal som bakgrunn for undersøkinga si om hasjbruk blant ungdom i Sogn og Fjordane.

Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, stadfestar at politiet ser den same trenden.

– Denne haldningsendringa gir grunn til bekymring, meiner han.

Sjekk rommet til ungdommen din

Johannessen oppmodar foreldre til å følgje med på ungdomane sine dersom dei endrar åtferd.

– I situasjonar der det gjeld rusmisbruk, så skifter dei ofte venner og får andre interesser. Dei blir sløvare og nokon droppar kanskje ut av skulen.

Politiet ser at ungdom heilt ned i 14–15 års alderen prøvar hasj. Johannessen seier at ein som forelder ikkje må vere naiv. Dersom ein ser teikn som gjer at ein fattar mistanke, så må det takast på alvor.

– Sjekk rommet til ungdomen din, sjå etter brukarutstyr og kjenn etter lukt.

Kjenner seg ikkje att

På Hafstad vidaregåande skule har nokon av elevane NRK pratar med kjennskap til medelevar som nyttar seg av hasj, men dei fleste meiner det ikkje er veldig utbreidd.

Bertine Førde Moen (t.v.) og Ingelin Verlo

SKULEELEVAR: Bertine Førde Moen (t.v.) og Ingelin Verlo kjenner ikkje til nokon på skulen deira som nyttar seg av hasj.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Det er ikkje så veldig miljø for det her. Mange vil kanskje seie at det er sett litt ned på å drive med den typen rus, seier ein gut til NRK.

– Eg veit at folk driv med det, men eg trur ikkje det er eit stort miljø. Eg kjenner nokon som har prøvd, seier ein annan.

Bertine Førde Moen og Ingelin Verlo har ikkje kjennskap til nokon som nyttar seg av rusmiddelet.

– Nei, eg kjenner meg ikkje igjen i at fleire driv med det no, seier Moen

– Eigentleg ikkje eg heller. Eg har ikkje høyrt om mange tilfelle med hasj, seier Verlo.

Langt under landsgjennomsnittet

Samanlikna med resten av landet så ligg Sogn og Fjordane langt under gjennomsnittet, når det gjeld bruk av hasj blant ungdom.

– For elevar i ungdomsskulen og jenter i vidaregåande skule er omfanget om lag halvparten så stort som i resten av landet, medan gutar i vidaregåande skule ligg ein tredjedel under landsnivået, seier Breidablik.

Kjenner seg sett i gapestokken

NY RAPPORT: Hans Johan Breidablik har vore med å skrive ein rapport om hasjbruk blant ungdom i Sogn og Fjordane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK