Hopp til innhold

Fleire skal få bruke naudnettet i Askvoll

Folk i Askvoll har opplevd på kroppen å stå heilt utan dekning når orkan og anna ekstremvêr herjar. No er kommunen prøvekanin for det som vert skildra som eit stort steg for beredskapen.

Askvoll

VERUTSETT: Askvoll kommune er ein verutsett stad. Her ifrå stormen «Sondre» i 2008.

Foto: Liv Lien

– Vi vert heilt sett ut av spel under ekstremvêr her ute. Vi kan vere heilt utan telefondekning nokre stader, seier kommunalsjef for helse og omsorg Stein Helle.

I Askvoll vil fleire enn dei klassiske naudetatane få tilgang til å bruke det nye naudnettet.

Helse- og omsorgstenesta er mellom dei som vil kunne nyte godt av eit prøveprosjekt som Askvoll no skal vere med på. Heimetenesta vil til dømes ha moglegheit til å kommunisere over naudnettet.

Naudnettet er det radionettet som naudetatar som politi, brannvern og ambulansetenesta brukar for å kommunisere seg i mellom. Det har betre dekning enn det vanlege telefonnettet.

Askvoll er med som eit prøveprosjekt som seinare kan bli utvida til å gjelde fleire kommunar. Ordførar Frida Melvær (H) er godt nøgd.

– Vi var veldig klare på at vi ville vere med på pilotordninga. Vi har opplevd at kommunikasjonen har blitt heilt brote. Det er veldig viktig for å oss å få eit kommunikasjonssamband som gjer at vi kan samarbeide.

Frida Melvær

NØGD: Ordførar i Askvoll Frida Melvær (H) er strålande nøgd med at Askvoll er med på pilotprosjektet for utviding av naudnettet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Tryggare og meir stabilt

Vanlege folk vil ikkje kunne nytte seg av naudnettet, men ordføraren seier at i ein kommune der ein tredjedel av folka bur på øyer, betyr dette meir tryggleik for folk flest.

– Vi veit av erfaring at mobilnettet fort er ute. Då er det godt å vete at vi har ein tryggare og meir stabil måte å kommunisere på i til dømes helse- og omsorgstenesta, seier Melvær.

Også dei som sit i beredskapsleiinga i kommunen vil få tilgang til telefonar som kan kommunisere over naudnettet. Det vil til dømes seie ordføraren, rådmannen og nokre av kommunalsjefane.

Også i kvardagen

Sjølv om det er i krisesituasjonar det er særleg stort behov for å nytte seg av naudnettet, seier Stein Helle at dei også tykkjer det er til stor hjelp å ha tilgang på betre dekning i kvardagen.

– Vi er jo ein kommune med fleire hol i dekningskartet vårt, og då er det veldig bra å kunne nytte seg av naudnettet også i det daglege. Der er det nemleg betre dekning enn på det vanlege mobilnettet.