– Heilt sikker på at det var ulv vi såg

– Det var ikkje noko kjekt syn, seier Beate Røysum. Ho er sikker på at det var ein ulv ho møtte på stølen i Leikanger.

Beate Røysi er ikkje tvil om at den er ein ulv ho filma på avstad ved familien sin støl i Leikanger søndag.

SJÅ VIDEO: Ikkje lett å sjå ved første augekast, men Betate Røysi fanga det som kan sjå ut som ulv som i god fart løper mot venstre bildekant i denne videoen.

Moglege ulvesport i Leikanger

SPOR: Desse avtrykka låg att i snøen etter det fotografen meiner må ha vore ein ulv.

Foto: Beate Røysum

– Han stod og såg mot oss. Vi hadde med oss ein border collie. Ulven kom mot hunden og stod berre 40–50 meter unna, fortel ho til NRK.no.

– Skremmande

Det var i 11-tida søndag at 27-åringen saman med faren og familien sin hund var framme til stølen på Stavsete, i fjellet over Grinde mellom Leikanger og Hella. Langt lenger vest enn ulven sitt normale streifområde mot svenskegrensa.

Saka vart først omtala på Sogn Avis.

Seinast torsdag kveld vart ein ulv skoten i Sykkylven på Sunnmøre. Ulven var truleg den same som var blitt observert i Stryn.

No kjenner Røysum seg trygg på at nok ein ulv er på vandring i fylket.

– Det er skremmande. Slikt vil vi ikkje ha her. Vi skal ha sauer på beite på stølen. Dei er sleppte ut for sommaren, men enno ikkje framkomne.

Ulven angreip ikkje turfølget, men stod lenge og såg etter dei.

– Han gjekk litt, stoppa opp og vart ståande, før han gjekk litt att.

(Artikkelen held fram under kartet.)

Grinde i Leikanger

LIKE OVER SKOGGRENSA: Den moglege ulven vart observert ved Stavsete, i fjellet over Grinde mellom Leikanger og Hella ferjekai.

Foto: skjermdump, Google Maps

Fleire observasjonar

Ifølgje Røysum har fleire i Leikanger sett ulven. Mellom anna skal den vere observert ved Steinsete.

– Eg håpar det blir gitt fellingsløyve, seier Røysum som kjem frå Leikanger men til dagleg bur i Jølster.

Ho har sendt video av ulven og bilete av det ho meiner må vere ulvespor i snøen til rovviltkontakt for området, Einar Fortun.

Då Sogn Avis snakka med Fortun seint søndag kveld var han på reise, og hadde ikkje fått sett videoen.

Treng DNA-spor

Rovviltansvarleg for Statens Naturoppsyn i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf, har sett videoen av dyret. Han seier det er vanskeleg å slå fast at det er ein ulv ut frå bileta.

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

HÅPAR DEI FINN DNA-SPOR: Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn. Arkivfoto

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Ein ser at det er eit hundedyr. For å slå fast at det er ein hund treng vi å få tatt dna-prøve, til dømes frå eksriment eller hår. No er nok sommarpelsen på på plass, så sjansen for å finne hår er mindre.

Golf er likevel ikkje overraska over at ein ulv kan ha funne vegen til Leikanger.

– Ulvar på vandring kan gå langt. I Sverige er det no om lag 200 dyr. Ein del av årets kull vil truleg legge ut på vandring vestover, seier han til NRK.no.

Husdyr kan trigge jaktinstinktet

– Viss dette er ein ulv, er det då fare for husdyr som beitar i området?

– Ulv kan fort bli trigga av andre dyr som spring. Det tirrer jaktinstinktet og ulven opplever dei som byttedyr. Er dette eit ungdyr er det ikkje sikkert den drep for å ete, men i det den har knekt matkoden kan det skje.

– Korleis skal folk ta omsyn til ulven?

– Ein skal alltid ha respekt for rovdyr og ikkje utfordre dyret. Dei unngår helst hinder, som gjerde og liknande. Samstundes kan inngjerdingar i terrenget og liknande føre ulven nærmare tettbygd strok, viss den følgjer inngjerdinga. Men ulv er normalt ikkje til fare for folk, seier Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn.

Det blir opp til forvaltninga om det skal utferdast fellingsløyve.

Seinast natt til måndag vart ein ulv skoten i Stange i Hedmark.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.