Dette er truleg ulven folk har sett i Nordfjord

Dei siste dagane har det kome fleire observasjonar av det som kan vere ein ulv i Nordfjord. Statens naturoppsyn trur i så fall at ulven har vandra frå Ottadalen over Strynefjellet.

Ulv i Ottadalen

BLINKSKOT: Jørn Magne Stasviken klarte å få teke dette biletet av ulven i Skogbygda i Ottadalen.

Foto: Jørn Magne Stasviken

Hobbyfotograf Jørn Magne Stasviken frå Vågå klarte å fotografere ulven då den framleis var på austsida av fjellet, og er ikkje i tvil om at det var det mektige rovdyret han fanga med kamera den 10. mai om morgonen.

– Det er sjeldan eg får slike blinkskot, seier Stasviken, som var på veg til jobben på Expert Vågå då han såg ulven.

Den siste tida har det vore registrert to ulvar i Ottadalen. Før helga vart den eine av desse felt, medan den andre truleg har lagt ut på vandring.

– Ulven er veldig uberekneleg, og det er absolutt ikkje usannsynleg at den kan ha vandra over fjellet til Stryn. Det ser eg ikkje vekk frå. Vi har ingen nye, sikre observasjonar og registreringar i Ottadalen, så ein eller annan stad må den ha gått, seier Esben Bø i Statens naturoppsyn (SNO).

Truleg unge dyr

Bø fortel at det kan skje at to kvelpar frå same kull forlèt hiet, og legg ut på vandring saman – gjerne over store område.

– Dei kan følgje kvarandre ein periode, men før eller seinare så vil dei skilje lag. Eg har størst tru på at det er ungdyr, for det verkar ikkje som at dei held seg på eitt bestemt område, seier Bø.

Seinast i fjor blei SNO kontakta om fleire observasjonar av mogleg ulv i Sogn og Fjordane, og i august 2013 blei det observert ulveliknande dyr så langt vest som i Bremanger.

– Folk bør varsle frå

– Kva bør folk gjere om dei observerer det som kan vere denne ulven?

– Da bør dei straks varsle den lokale rovviltkontakten eller dei som jobbar for SNO i Sogn og Fjordane og har ansvaret for rovvilt, opplyser Esben Bø.

Han reknar ikkje med at ulven på noko vis kan vere farleg for menneske.

– Dette der med frykt er frykteleg vanskeleg å uttale seg om, men for min egen del er eg ikkje redd for ulven, slår Bø fast.