Hopp til innhold

Fleire lærarar kan miste jobben i nær framtid

Dei to neste åra vil Fylkeskommunen ha opp mot 40 årsverk fleire enn dei har bruk for i skuleverket, ifølgje Utdanningsforbundet.

Steinar Strømsli ny utdanningsleiar

UROA: Fylkesleiar i Utdanningsforbundet har tru på at Fylkeskommunen vil gjere mykje for å hindre oppseiingar, men han er redd det ikkje er til å unngå.

Foto: Rune Fossum / NRK

Lærarane i den vidaregåande skulen vert hardt råka av dårleg økonomi og færre elevar.

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Steinar Strømsli, er redd ein ikkje klarar å unngå oppseiingar.

– Fylkeskommunen vil strekkje seg langt, men kan ikkje garantere at ingen lærarar vert sagt opp dei komande åra, seier Strømsli.

Fleire titals lærarar kan bli overtalige

Kombinasjonen færre elevar og mindre pengar gjer at mellom 25 og 40 pedagogar vert overtalige i den vidaregåande skulen dei to neste åra. I førre kuttrunde vart 65 tilsette omplasserte, men ingen vart oppsagde. No er situasjonen langt meir alvorleg, meiner Strømsli.

– Eg vil tru at våre medlemmer i Fylkeskommunen er uroa for arbeidsplassen sin og for si eiga stilling. For neste år ligg inne eit framlegg om å ta ned elleve grupper, og berre det utgjer dryge 20 årsverk, så det er klart at situasjonen no begynner å bli ganske prekær, seier Strømsli.

Forbundsleiaren har vanskar med å sjå andre utvegar enn at nokre mistar jobben. Han meiner nedgangen i økonomien til Fylkeskommunen kan råke fleksibiliteten som dei har synt dei siste to åra.

– Vi trur at Fylkeskommunen vil strekkje seg langt for å unngå oppseiingar framover, men vi kan ikkje sjå vekk frå at det kan komme oppseiingar i denne toårsperioden, seier Strømsli.

Håpar å løyse utfordringa utan oppseiingar

Assisterande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Skinlo, seier det framleis finst løysingar.

Tor Einar Skinlo, assisterande direktør for opplæring

OPTIMIST: Tor-Einar Skinlo i Fylkeskommunen vil i det lengste prøve å unngå oppseiingar.

Foto: Privat

– Nokre går på etter- og vidareutdanning, nokre går på andre stillingar i og med at det alltid er nokon som sluttar eller går av med pensjon. Så at her er ein stor fleksibilitet i ein så stor organisasjon som Fylkeskommunen er, det vil det framleis vere.

Likevel forstår han kvifor Utdanningsforbundet er uroa for at lærarar skal miste stillingane sine.

– Ein kan komme i den situasjonen, men fylkeskommunen vil strekkje seg langt for å unngå det, seier Skinlo.

Dei har per i dag ikkje tal på kor mange tilsette som kan bli overtalige. Det dei veit er at det kan bli mellom 20 og 30 pedagogar som det ikkje lenger er behov for.

– Det heng blant anna tett saman med den økonomi- og budsjettsaka som skal til fylkestinget i desember, og saka om tilbodsstruktur som vert vedteke i november. Men ut frå det vi veit no så er det 20 til 30 pedagogar for komande år som kan kome i den gruppa at dei vert overtalige, seier Skinlo.