Drapet på Anne Slåtten har fått ei rekke kvinner i Førde til å fortelje om episodar der dei er blitt plaga av ein bestemt mann i Førde siste året.
Oppsøkt av mannen
Ved fleire høve har mannen oppsøkt eller følgt etter kvinner både på dag- og kveldstid. Ei kvinne har fortalt til VG at mannen snakka gebrokkent norsk, og gjev inntrykk av at han ønskjer kontakt og vil bli kjent med kvinnene. Kvinna sjølv har kjent seg forfølgd av mannen i lengre tid. Ho fortel også at både ho og fleire venninner er oppsøkt av mannen både ute på gata og på utstader.
Både den intervjua kvinna og venninnene er etablerte familiekvinner. Den ukjende mannen har imidlertid aldri oppført seg direkte trugande.
Hentar fram tidlegare episodar
I tillegg er det også henta fram fleire episodar der kvinner er utsette for blotting, og vald. Lensmann Kjell Fonn fekk spørsmål om desse hendingane på pressekonferansen i føremiddag, men Fonn vil ikkje kommentere dette utover at det er meldt to episodar, ein for eitt år sidan og ein noko nyare.
Fonn seier at alt dei får inn av tips er av interesse for saka.