Hopp til innhold

Line (21) vil bli yrkessjåfør - det same vil stadig fleire jenter

Stadig fleire jenter vel eit yrke bak rattet. Berre dei fire siste åra har talet auka med 70 prosent, og jentene er veldig ettertrakta.

Yrkessjåfør

KOSAR SEG BAK RATTET: Line Husdal (21) frå Lærdal er ein av mange jenter som no vil bli yrkessjåførar

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Den er stor, tung og tek mykje plass. Ein føler seg litt «sjef» på vegen, seier Line Husdal (21).

Ho er ei av sju jenter – i ein klasse på 15 – som går den 19 veker lange yrkessjåførutdanninga ved Sogndal vidaregåande skule.

– Folk meiner det er «mannaarbeid», men det er det slett ikkje.

Artikkelen held fram under videoen.

Stadig fleire jenter vel eit yrke bak rattet.
Berre dei fire siste åra har talet auka med 70 prosent-
Og dei er svært ettertrakta:

Sjå TV-saka her.

Stor auke

Yrkessjåfør er eit mannsdominert yrke, men trenden kan vera i ferd med å snu. Skuleåret 2008 var det 26 kvinner som tok VG3 yrkessjåførkurset i landet. For førre skuleår (2011-2012) var det 44. Det er ein auke på 70 prosent.

Rune Apneseth

– FANTASTISK: Rune Apneseth, leiar for opplæringskontoret for transport- og terminalfag.

Foto: NRK

– Dei er fantastisk flinke yrkessjåførar og dei taklar utfordringane minst like bra, om ikkje betre, enn gutane.

Det seier Rune Apneseth, leiar på Opplæringskontoret for transport- og terminalfag. Han gler seg over at fleire og fleire jenter no vil setja seg bak rattet i dei store køyretøya.

– Alt dei gjer, det gjer dei grundig og godt. På fagprøven er det jamt over veldig høge resultat, og det verkar som at når dei skal gjera jobben so vil dei verkeleg vise at dei kan klare det minst like bra som gutane, seier han.

Yrkesfaglinja ved Sogndal VGS er ei landslinje, og har plass til 15 elevar på kvart kurs. På 19 veker lærer dei det treng for å kunne få førarkortet.

– Mange vener som køyrer lastebil

– Eg har mange i familien som køyrer lastebil og mange vener som køyrer lastebil, so det har nok påverka meg ein del, seier Husdal.

I lag med seks jenter og åtte gutar utdannar ho seg til å bli anten lastebilsjåfør, bussjåfør eller tungtransportsjåfør ved VGS-linja i Sogndal.

– Det er kjekt, men litt overraskande over at so mange jenter skulle gå her, det har ikkje pleidd å vera so mange jenter tidlegare.

– Gutane «kan det allereie»

Halvard England

– LÆREVILLIGE: lærar Halvard England seier jentene tek ting minst like raskt, om ikkje raskare, enn gutane.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det er veldig kjekt å ha jenter er. Der er lærevillige og tek ting veldig raskt, seier Halvard England, læraren deira.

– Jentene høyrer etter på kva me seier, medan gutane «er so flinke at dei greier det sjølv», so når me skal hjelpa dei so «treng dei det ikkje». Men dei køyrer seg fast dei også, seier England.

Han er berre glad for at det blir fleire jenter på vegane.

– Det er ikkje verre for dei enn for gutane å ha denne jobben, og dei tek alt saman veldig fort.