Hopp til innhold

Fleire i fylket går lenge utan jobb

Stadig fleire av dei arbeidsledige i Sogn og Fjordane blir gåande lenge utan jobb. Det uroar NAV-direktøren.

Tore Thorsnes

GÅR LENGE UTAN JOBB: NAV-direktør Tore Thorsnes ser med uro at stadig fleire av dei utan arbeid i Sogn og Fjordane blir gåande lenge utan noko å gjere.

Foto: Nav

Ferske tal frå NAV viser at Sogn og Fjordane framleis er blant fylka i landet med lågast arbeidsløyse.

Ved utgangen av april månad var det 1203 personar i fylket som stod heilt utan arbeid, noko som svarar til 2,1 prosent av dei arbeidsføre.

Av desse er 286 personar langtidsledige, noko som vil seie at dei har vore utan arbeid i over seks månader. For eitt år sidan var talet langtidsledige 204, og auken uroar NAV-direktør Tore Thorsnes i Sogn og Fjordane.

– Vi ser ein tendens som går på at blir du først ledig no, så blir du gåande lenge. Dette er eit problem både for dei det gjeld, og for samfunnet, seier Thorsnes til NRK.no.

Frå i april i fjor har talet på personar i fylket som har vore arbeidsledige i meir enn eit halvt år auka med 15 prosent, medan gruppa som har vore arbeidssøkjande i mindre enn eit halvt år er redusert med seks prosent.

– Til å leve med

Samanlikna med april i fjor, er det no 68 fleire personar i Sogn og Fjordane som står heilt utan arbeid, ein auke på seks prosent.

Ifølgje NAV er dette den svakaste auken sidan juli i fjor, noko NAV-direktøren ser seg nøgd med.

– Tala viser ein svak auke frå same tid i fjor, men vi kan samtidig seie at vi har stabilisert oss på eit nivå som går an å leve greitt med i forhold til resten av landet, seier Thorsnes.

Uroa over fleire langtidsledige

Det han derimot likar svært dårleg er at talet som går lenge utan jobb blir stadig høgare. I underkant av 300 personar i Sogn og Fjordane har gått utan jobb i over eit halvt år.

– Det vil alltid vere ei viss arbeidsløyse i eit samfunn, for det at folk skiftar jobb er naturleg. Kortvarig arbeidsløyse ser ein ikkje på som eit problem, men det blir eit problem når folk blir gåande lenge utan jobb, seier NAV-direktøren og held fram:

– Vi veit at dess lenger folk blir gåande utan jobb, dess mindre blir sjansane for at dei kjem seg tilbake i jobb, seier han.

Noko fullgod forklaring på kvifor folk blir gåande lenge ledige er det vanskeleg for han å gje, og det er heller ikkje spesielle bransjar som peikar seg ut.

Vil ha arbeidssøkjarar til å flytte på seg

Thorsnes seier det er ein kombinasjon av at dei utan jobb ikkje finn ein jobb dei ønskjer seg, og at dei ikkje er kvalifiserte til dei jobbane som er ledige.

– Det er ikkje samsvar mellom det som er etterspurt og dei kvalitetane som arbeidssøkjarane kan stille med, seier han.

NAV registrerer også at ein del av dei som blir gåande lenge utan jobb ikkje kan og vil flytte på seg for å kome seg ut av arbeidsløysa.

I haust gav NAV i Sogn og Fjordane uttrykk for at arbeidsledige måtte bli meir villige til å flytte på seg for å kome tilbake til jobb.

– Det vil nok bli eit større krav til mobilitet i arbeidsmarknaden i tida framover enn det som har vore til no, seier Thorsnes.

– Dette jobbar vi knallhardt med

Han seier NAV har ei rekkje tiltak for å prøve få dei langtidsledige tilbake i arbeid, spesielt gjeld dette for dei unge som blir gåande lenge arbeidsledige.

– NAV jobbar knallhardt for å halde arbeidsstyrken i aktivitet på eit eller anna vis. Det kan til dømes vere utdanning, eller at dei får mellombelse tilbod i den ordinære arbeidsmarknaden, seier Thorsnes.

– Vi oppmodar også heile arbeidslivet om å vere opne for å ta inn og prøve ut personar som er ute av arbeidslivet av ulike årsaker, seier han.

NAV-direktøren ber om at arbeidsgjevarane ser moglegheita for at arbeidstakarar kan ha andre kvalitetar enn det dei kanskje har jobba med i ei årrekkje.

– Det er ikkje alltid samsvar mellom den bakgrunnen du har og dei kvalitetane du har. Personar som har jobba i eit yrke i 20 år, kan vise seg å ha kvalitetar i heilt andre yrke også. Til dømes kan ein sveisar vise seg å ha kvalitetar som eignar seg godt i til dømes omsorgsyrket, seier han.

Størst auke i Vik og Selje

Sjølv om arbeidsløysa går opp for Sogn og Fjordane sett under eitt, er det åtte kommunar med reduksjon i arbeidsløysa frå april i fjor. Størst nedgang i arbeidsløysa ser ein i Årdal, der det er 17 færre ledige i april i år enn i fjor. Ifølgje NAV kjem mykje av reduksjonen innan industriarbeid.

I andre enden av skalaen ligg Vik og Selje, der arbeidsløysa har gått opp med høvevis 18 og 14 personar sidan april i fjor, ifølgje NAV sine tal.

Gloppen er den kommunen i fylket med lågast arbeidsløyse, med berre 0,8 prosent av arbeidsstyrken heilt utan jobb. Høgast ligg Selje med 6,2 prosent ledige, medan Bremanger følger tett etter med 5 prosent ledige og Vågsøy med 4,9 prosent. I desse kommunane er det for tida mange permitterte i fiskeindustrien.