Hopp til innhold

Han er ein av svært mange ingeniørstudentar som ikkje vil jobbe i kommunane

Kommunane slit med forgubbing av ingeniørstaben sin, men greier ikkje rekruttere nye folk. Berre 2,5 prosent av dagens ingeniørstudentar vil jobbe i kommunane.

Ingeniørstudent Kristian Steen

STUDENT: Kristian Steen er snart ferdig utdanna ingeniør, men har ikkje spesielt lyst på jobb i ein kommune når han skal ut i arbeidslivet.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

Dårleg marknadsføring og lågare løn er blant forklaringane som blir trekte fram på at kommunane ikkje greier konkurrere med private bedrifter om dei attraktive ingeniørane.

Ein av dei som snart er ferdig utdanna er Kristian Steen som går på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Når han er ferdig til sommaren og skal ut i arbeid, er det ikkje i kommunal sektor han har lyst på jobb.

– Ein jobb innan til dømes olje og gass vil bety mykje reising, medan det er mindre oppgåver og mindre ansvar om du tek ein jobb i kommunane, seier han om kvifor.

Også løna trekkjer han mot det private.

– I kommunane er det gjerne litt høgare grunnløn, medan det i den private marknaden er mykje høgare løn etter kvart som ein får ansiennitet, seier Steen.

Mange nærmar seg pensjonsalder

Og studenten i Førde er ikkje den einaste med denne haldninga. Ei fersk undersøking gjort av Norges ingeniør- og teknologiorganisasjon, NITO, viser at berre 2,5 prosent av ingeniørstudentane ønskjer å jobbe i ein kommune. I fjor var dette talet 4,3 prosent, så utviklinga går tydeleg i feil retning.

Samtidig slit kommunar landet over med å få tak i nok ingeniørar, og i åra som kjem blir behovet berre større.

Til dømes viser undersøkingar Norsk Vann har gjort at 20 prosent av ingeniørane som jobbar med vatn og avlaup i dag, er over 60 år og nærmar seg pensjon.

Ber kommunane ta grep

Det er dermed svært viktig at kommunane klarar lokke til seg ingeniørar i åra framover, og assisterande direktør Toril Hofshagen i Norsk Vann meiner det er mykje kommunane kan gjere.

– Dei kan mellom anna leggje opp til synfaringar, studentoppgåver, ha førelesingar og tilby studentar sommarjobb.

– Det bør vere eit visst handlingsrom der i åra framover når vi no ser at ingeniørmangelen byrjar bli kritisk i mange kommunar, seier ho.

– Vi må ta sjølvkritikk

Og om studentane ikkje trur dei får utfordringar i kommunane tek dei feil. Berre i vatn- og avlaupssektoren skal det investerast 490 milliardar kroner fram mot 2030, seier Hofshagen.

Behovet for dyktige fagfolk er så absolutt til stades, men det har ikkje kommunane vore flinke nok til å få fram.

– Både bransjen og kommunane må nok ta litt sjølvkritikk, for at vi ikkje har fått synleggjort dette godt nok for studentane. Det er mykje moro å ta fatt på, lovar Hofshagen.

Vil strekkje seg langt

Vågsøy kommune er ein av dei som manglar ingeniørar til viktige stillingar. Der har dei lyst ut stillingar innanfor arealplanlegging, bygg og anlegg, og vatn og avlaup utan å få kvalifiserte søkjarar.

Og dei har verkeleg prøvd, fortel rådmann Knut Ove Leite.

– Vi har drive delvis med direktesøk og vore på jobbmesser, men det er ikkje så mykje å gjere når vi ikkje får søkjarar, sukkar han.

Han legg til at dei vil strekkje seg langt for å få tak i dei rette til jobbane.

– Samanlikna med kostnadane av at vi skal leige inn konsulentar, så har vi moglegheit til å strekkje oss litt i forhold til løn for å få tak i dei rette kandidatane. Om vi berre finn dei, seier rådmannen.