Hopp til innhold

Veret skapte flytrøbbel i Sunnfjord

Vêret har skapt trøbbel for flypassasjerar på lufthamnene i Førde og Florø onsdag føremiddag.

Video Widerøe

DÅRLEG FLYVÊR: Det har i dag tidleg vore fleire kanselleringar til lufthamnene Florø og Førde.

Foto: Nyhetsspiller

– Det har vore nokon kanselleringar på innkomande fly fordi vi har relativt lågt skydekke. Vi fekk ned Oslo-flyet, men då Bergens-flyet kom 10 minutt etterpå så var det for tett skodde til at det kunne lande, seier lufthamnsjef i Florø, Siv Merete Stadheim til NRK.no.

Det fører til forskyvingar i flyprogrammet, og nokre ruter har blitt kansellert og sendt i retur til Oslo, både frå Florø og Førde.

– Verprognosane seier at det skal slutte å regne no utpå føremiddagen. Men vi er og avhengig av eit litt høgare skydekke. Men eg vonar at vi skal klare å ta det inn att i løpet av dagen, seier Stadheim.

Ho oppmodar no dei som skal ta fly frå Førde eller Florø i dag om å kontakte Widerøe.

Ved flyplassane på Anda i Gloppen og Haukåsen i Sogndal har flytrafikken gått som normalt hittil i dag.

Klokka 16.40 får NRK opplyst av lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal ved Førde lufthamn, Bringeland at trafikken no går som normalt. Det skal vere mindre forseinkingar på grunn av problem med vêret tidlegare i dag.