Hopp til innhold

Trøbbel på sørpeføre – tre ulukker laurdag

I løpet av laurdag har det vore minst tre ulukker på vegane i Sogn og Fjordane. Ein person er sendt til sjukehus.

– Det var ein bil som snurra rundt på riksveg 5 mellom Grov og Eikefjord, seier vaktleiar ved alarmsentralen i Florø, Nina Andal.

Føraren av bilen er sendt til Førde sentralsjukehus etter ulukka, skriv Helse Førde på Twitter.

Langs E39 mellom Førde og Skei har NRK fått fleire tips om slaps og dårlege vegar. Ved Ålhus i Jølster gjekk det gale for ein bilist.

– Bilen sklei på sørpeføre og køyrde i ein mur. Det er ikkje snakk om personskade, seier Andal.

Kokka 15.44 fekk NRK tips om at ein bil hadde køyrt utanfor vegen i Naddvik i Årdal. Tipsar melder om glatt føre, og at det gjekk fint med alle fire personane som sat i bilen.

Laster Twitter-innhold

Vêromslag byr på trøbbel på vegane

– Overgangen til mildvêr gjer at vi går frå snø til sørpe. Skrapar ein vegen rein for sørpe, så blir det glatt. Bilistar må difor tilpasse farten etter forholda, seier Roger Nedberge Hille, som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Vegtrafikksentralen har fått melding om at det er sørpeføre på fv. 57 mellom Dale og Sande

– Entreprenørane har vore ute i natt og i morgontimane. Dei er på alerten, seier Nedberge Hille.

Laster Twitter-innhold