NRK Meny
Normal

Fleire asylsøkjarar vil få opphald i Norge

Sjølv om Framstegspartiet har lova ein meir restriktiv innvandrings- og flyktningpolitikk, vil stadig fleire asylsøkjarar og flyktningar få opphald i Norge viser IMDi sine eigne prognosar.

Per Sandberg

GJER TILTAK: Nestleiar i Frp, Per Sandberg, meiner regjeringa har teke grep for å få ned talet på flyktningar og asylsøkjarar til Norge.

Foto: Larsen, HÃ¥kon Mosvold / NTB scanpix

– Alle må bidra, elles vil ikkje dette gå opp, seier regiondirektør Ohene Aboagye i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Han er på rundreise til kommunar på Vestlandet.

Bodskapen han tek med seg er alvorleg, for det hastar å skaffe den historisk høge straumen av asylsøkjarar som vil få varig opphald, og flyktningar som Norge er forplikta å ta i mot, tak over hovudet.

Ventar kraftig vekst

Neste år er prognosane at 10.000 flyktningar og asylsøkjarar får opphaldsløyve, dette er 2.000 meir enn i år, og 7.000 meir enn i 2012.

– Dette er folk som har fått lovleg opphald. Dei skal ikkje nokon annan stad enn Norge, seier Aboagye.

Regiondirektør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Ohene Aboagye

Regiondirektør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Ohene Aboagye

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Straumen av flyktningar og asylantar som kan få opphald i Norge kjem samstundes som Frp sit med handa på rattet i asyl og innvandringspolitikken.

Færre asylsøkjarar i 2014

Nestleiar i Frp Per Sandberg er blant dei som har sagt at innvandringa vil kvele velferdsstaten. Men heller ikkje Sandberg vil avlyse IMDI sine prognosar for åra som kjem. Derimot er han nøgd med at statistikkane så langt i år syner ein svak nedgang.

– Ein kan ikkje avlyse noko som helst. Men tala syner det dei ti første månadane i 2014, samanlikna med 2013, at det faktisk har vorte færre asylsøkjarar i år som kjem til Norge, seier Sandberg.

– Men vil det ikkje vere eit brot på Frp-veljarane sine forventningar til partiet dersom ein ser at det vert fleire flyktningar og asylsøkjarar som får opphald i Norge i åra som kjem?

– Brotet ovanfor Frp-veljarane, folkevalde og tillitsvalde er viss vi ikkje følgjer opp det vi har sagt i handlingsprogrammet vårt og vedteke på landsmøtet, seier Sandberg, og meiner partiet har gjort nettopp det.

– Denne regjeringa har sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere straumen av asylsøkjarar og talet på flyktningar, og hjelper i mykje større grad i nærområda slik at flyktningstraumen minskar, seier Sandberg.

– Folk flyktar fordi det er krig

Sandberg er viss på at dette vil merkast.

– Eg er sikker på at ein i løpet av denne perioden vil sjå at tilstrøyminga av asylsøkjarar og flyktningar til Norge vil ha ein tydeleg nedgang, samanlikna med korleis situasjonen ville vore dersom vi ikkje hadde sett i verk tiltak, seier Sandberg.

SV sin stortingsrepresentant Karin Andersen er ikkje overraska over at Norge vil ta i mot stadig fleire som vil få innvilga opphald i Norge.

Stortingsrepresentant Karin Andersen (SV)

KJEM AV EIN GRUNN: Stortingsrepresentant Karin Andersen (SV) minner om at flyktningar og asylsøkjarar kjem til Norge fordi det er krig i landa dei kjem ifrå.

Foto: NRK

– Vi har den største flyktningkatastrofen i verda sidan andre verdskrig. Det er krig i verda, og det er difor folk flyktar. Dei kjem jo ikkje hit for å irritere Framstegspartiet, seier Andersen.

Ho meiner det ikkje hjelper det minste å late att auga for at det er ufred i verda.

– Vi har ei plikt til å sikre folk som flyktar frå krig og forfølging, seier Andersen.

4.000 personar ventar på ein kommune å få bu i

Men det store talet menneske med opphaldsløyve gjer at mottaka vert fylte opp. 4.000 menneske sit no og ventar på ei kommune å bu i.

Tala er dei største sidan krigen herja på Balkan på 90-talet, Den gongen gjorde norske kommunar eit historisk skippertak for å skaffe folk bustadar og hjelp. Men no trur IMDi at talet vil vere høgt på permanent basis.

Alfred Bjørlo

MÅ BIDRA: Eid-ordførar Alfred Bjørlo meiner ein må ta tak i jobben som må gjerast for å få busett menneske som har fått lovleg opphald i Norge.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er historisk eit veldig høgt tal. Men no er det ikkje dugnad lenger, no er det på permanent basis. Vi trur at vi dei neste ti åra vil liggje stabilt på mellom 8.000 og 10.000 personar som vi skal busetje kvart år, seier Aboagye.

I Venstrestyrte Eid kommune har ordførar Alfred Bjørlo alt inngått avtale med IMDi om å busette 30 personar årleg. Bjørlo er positiv til å ta i mot fleire innbyggarar, men ser samstundes at det er eit politisk paradoks.

– Det er det. Men no har vi den utfordringa som vi har. Det sit tusenvis av menneske som har fått lovleg opphald i mottak, som skal busetjast. Dette er ein felles, stor jobb som må gjerast. Og det har også ei rekkje positive sider dersom vi klarar å få til busetnad, seier Bjørlo.


Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.