Hopp til innhold

– Regjeringa ser på at båtflyktningar dør

Amnesty Noreg meiner Noreg sit stille og ser på at menneske druknar i Middelhavet, og at regjeringa sin politikk har som mål å få færrast moglege flyktningar til landet. Dei meiner Noreg må opne for fleire syriske flyktningar.

Syria - Flyktninger

Den syriske mannen kom til Europa ved hjelp av båt, nett slik som den på andre sida av elva. No meiner Amnesty at Noreg berre sit passive og ser på at folk døyr på veg over Middelhavet.

PÅ veg over havet

Den syriske mannen var i ein båt med mange andre flyktningar då han kom seg over havet til Europa.

Foto: Privat

Flyktninger i havet

Mange flyktningar klarer aldri å komme seg over Middelhavet. Desse hamna i sjøen i sitt forsøk.

– Eg hugsar lidingane, opplevingane. Eg hugsar borna som gret. Eg hugsar kvinner og menn som gret. Me bad til Gud om at dei skulle kome for å redde oss.

Den syriske mannen sit i ein sofa i ein bustad eit stykke utanfor Skien. Han vil ikkje vise ansiktet sitt eller fortelje kva han heiter, i frykt for kva som då kan skje. På TV-en som surrar i bakgrunnen viser nyheitssendingane bilete frå Syria, der krigen framleis rasar.

Men det er også der familien hans er no. Han reiste frå dei alle saman. Den gravide kona, sonen, døtrene. Dei måtte bli verande i Syria, medan han reiste for å skaffe hjelp.

Ferda hans over Middelhavet gjekk greitt. Og det er ikkje så vanskeleg som ein skal tru, seier han.

– De trur det er vanskeleg å krysse havet, men det er ikkje det. Når du er midt på havet, så når du anten fram, eller så dør du. Det finst ingen andre moglegheiter.

Beate Ekeløve-Slydal

Beate Ekeløve-Slydal i Amnesty Noreg meiner den norske regjeringa vil ha ein politikk som fører til færrast mogleg flyktningar til Noreg.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

– Ein let det bli vår våte kyrkjegard

Og det er mange som har mista liva på veg over havet. Minst 3000 menneske er omkomne sidan nyttår, men mørketala kan også vere større. Operasjonen «Mare Nostrum» har redda oppunder 100.000 menneske sidan, men no skal den etter alt å dømme leggjast ned.

Amnesty meiner Noreg og andre rike europeiske land ikkje gjer noko for å hjelpe dei som druknar.

– Ein let nærast kysten utanfor Italia bli verdas største våte kyrkjegard. Det gjør ein nærast utan å føle noko skam, eller medansvar til å gjere noko med det, seier Beate Ekeløve-Slydal, som er politisk rådgjevar i Amnesty Noreg.

Ho meiner at Noreg berre sit og kikkar på det som skjer, og tek Dublin-avtalen i bruk. Avtalen som dei fleste land i Europa er ein del av seier at det er det første mottakarlandet som asylsøkarane kjem til, som har hovudansvaret for asylprosessen.

Og det er sjeldan det er Noreg som er første stoppestad for ein flyktning som kjem til Europa.

Anders Anundsen

Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen synest det er vel så viktig å hjelpe folk i sine nærområde.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

Støtter EU

Justis- og beredskapsminister, Anders Anundsen, er på inga måte einig i Amnesty si analyse.

– Eg synest det er ein bruk av omgrep som er meir brutal enn naudsynt. Me bidreg til samarbeidet i EU, og det er jo heilt avgjerande at me gjer det, for å bidra til å hjelpe dei landa som har dei største utfordringane no, seier Anundsen.

Han viser til at EU no startar opp eit nytt prosjekt, som har sett seg mål om å erstatte «Mare Nostrum», som snart vert lagt ned.

Anundsen meiner det aller viktigaste er å hjelpe flyktningane i områda dei kjem frå, og viser til at for dei pengane som vert brukt på å hjelpe ein flyktning som har kome til Noreg, er det mogleg å hjelpe 26 personar som har blitt verande i sine heimeområde.

Vil ha minst 5000 syriske flyktningar

Noreg har opna for å ta mot 1000 syriske flyktningar, noko Amnesty meiner er altfor dårleg. Dei synest at Noreg bør ta mot minst 5000 syrarar, i tillegg til å opne for mellombels opphald. Det er det ikkje ressursar til, meiner Anundsen.

– Det er ikkje kapasitet i Noreg til å ta mot 5000. Når me tok mot 1000 flyktningar i år, så har me hatt utfordringar med å finne bustader og kommunane sine evner til å ta mot flyktningar, seier Anundsen.

Han legg til at det er viktig å intensivere den innsatsen som Noreg utfører i Syria og andre konfliktområde, slik at potensielle flyktningar får hjelp der dei finn seg.

– Målet er å hindre flyktningar

Amnesty meiner regjeringa sin politikk har som mål å hindre at flyktningar kjem til Noreg.

– Det er berre å høyre på retorikken til nokre av statssekretærane i regjeringa. Det overordna målet deira er å sørge for at færrast mogleg flyktningar kjem til Noreg, og ein er oppteken av kva tiltak som skal til for å hindre at flyktningar kjem til Noreg, seier Ekeløve-Slydal.

Anundsen meiner derimot regjeringa har som mål å hjelpe alle.

– Regjeringa sitt hovudmål er at me skal hjelpe flest mogleg, best mogleg. Eg meiner det er ein stor misforståing av Amnesty å tru at me kan løyse flyktningproblema i verda ved å auke talet på flyktningar som kjem til Noreg. Me skal gjere begge deler. Hjelpe menneske som kjem til Noreg, og dei som framleis er i nærområda sine, seier Anundsen.

Gutt

Mannens son vart skoten av ein snikskyttar, og er no delvis lam. Han og resten av familien er framleis i Syria, medan faren er i Noreg.

Foto: Mohammes Alayoubi / NRK

– Om Gud vil

I sofaen til den syriske mannen ringer telefonen. Det er sonen som ringer. Han er delvis lam, etter å ha blitt skoten av ein snikskyttar. No gret han over telefonen.

– Ikkje gråt. Du er ikkje eit lite barn lengre. Du er ein mann, og må vere sterk. Når eg får opphaldsløyve, så kan du kome hit, få helsehjelp, bli frisk og gå igjen, seier faren.

Han kom seg til Noreg, etter to dagar på Middelhavet. Om han får bli verande er ikkje opp til han å avgjere, men han håper i det minste.

– Om Gud vil, seier ein syrisk far til son sin.

SISTE NYTT

Siste nytt