Fleire arbeidsledige, men framleis lågast i landet

Ved utgangen av november er 1036 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Det er 113 fleire enn på same tid i fjor.

Tore Thorsnes

AUKE I ARBEIDSLØYSA: Direktør Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane registrerer fleire ledige, men finn fleire lyspunkt.

Foto: NAV

Det betyr at 1,8 prosent av arbeidsstyrken er utan arbeid, men Sogn og Fjordane er framleis det fylket som har lågast arbeidsløyse. På landsbasis er 2,9 prosent utan arbeid. Den siste månaden har talet på arbeidsledige auka med 30.

Men det finst lyspunkt. I ti kommunar i fylket er det nedgang i arbeidsløysa. Årdal er den kommunen som har mest positiv utvikling, med 22 færre arbeidsledige enn i november i fjor.

– I Årdal er det ei veldig positiv utvikling. Det er lyst ut heile 45 nye ledige stillingar i november, dei fleste i industrien, seier direktør Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane.

Leikanger har lågast arbeidsløyse med 0,5 prosent, Hyllestad høgast med 3,9 prosent av arbeidsstyrken.

Menn mellom 40 og 49 år

Auken i arbeidsløysa går mest ut over menn i aldersgruppa 40 til 49 år. I denne gruppa vart det 52 fleire ledige i løpet av det siste året.

Men dei som er utan arbeid har fått fleire ledige stillingar å søkje på - i alt 349. Det er størst auke i tal ledige stillingar innan industri og reiseliv/transport.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.