Hopp til innhold

Har dagleg fått meldingar om flaumskadar

Lærdal kommune får dagleg inn nye meldingar om flaumskadar. – Skadane er større enn vi trudde, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Ordførar Jan Geir Solheim

FÅR BILETE: Ordførar Jan Geir Solheim seier kommunen er byrja å få eit større biletet av omfanget på flaumskadane.

Foto: Jan Christian Jerving

Over 30 lærdølar vart evakuerte den dramatiske flaumkvelden i førre veke. Innbyggjarar i skildra flaumen som eit lavautbrot .

Dei siste dagane har kommunen opplevd eit jamt tilsig med grunneigarar og innbyggjarar som dokumenterer stadig nye skader.

– Det vil ta lang tid før vi har fått den fulle oversikta, men vi er byrja å få eit større bilete. Skadane er store også her, seier ordførar Jan Geir Solheim.

30 millionar på elvar

Skadane som dei siste dagane har dukka opp er frå sidedalar og sideelvar i kommunen. I tillegg kjem skadane som er lettare tilgjengelege og synlege.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Bærbonde Arne Slogvik i Lærdal har mista fleire mål med moreller og bringebær.

SJÅ TV-SAK: Arne Slogvik mista fleire mål med morellar og bringebær under flaumen i Lærdal.

Kommunen hadde fredag besøk av Norges Vassdrag- og Energiverk som så langt har kartlagt 4.000 løpemeter med elvekantar som er skadde og som må plastrast.

Skadane er kostnadsrekna til nær 30 millionar kroner.

– Det er mykje. Då er det snakk om å grave ut og å plastre elveløpet på nytt. Det er ein kjempejobb, seier Solheim.

Må rydde elvefar

– Så kjem masseuttak, vegar, jordbruksland, hus og hagar i tillegg. Så skadane er større enn vi trudde, held Solheim fram.

Ordføraren seier at det i sideelvane har vore stor masseforflytting som må ryddast ut, i tillegg til elvekantane som må reparerast. Kommunen er allereie i gang med ein del strakstiltak.

I Aurland gjorde flaumen skade for 130 millionar kroner på kommunal infrastruktur .

– Vi veit at hovudelva i Lærdal, som alle ser og kan gå langs, er blitt fylt opp med mykje massar. Dette må vekk før neste flaum, så vatnet får plass og elva ikkje fløymer over sine breidder, seier han.

– Når vil de få full oversikt over skadane?

– Det vil ta tid. No brukar vi tida på strakstiltak.

Slik ser det ut i Lærdal etter flaumen som herja og førte til at 31 personar var evakuert.

SJÅ VIDEO: Slik såg Lærdal ut dagen etter flaumen.