– Vatnet stig framleis, så no er det ikkje så mykje å gå på. Kjem det opp til vegen renn det over og rett inn døra til meg. Det er vel kanskje ein halv meter om å gjere at det stig opp til vegen, seier Seim til NRK.
Har enno ikkje tatt alle romma i bruk
Huseigaren var ein av mange i Flåm som vart råka då storflaumen herja 28. oktober i fjor.
– Eg har ikkje rekt å bruke alle romma i huset sidan sist. Det er ein månad sidan huset var ferdig etter skadane frå førre flaum.
- Les også:
Seim saknar ytterlegare flaumførebygging med sandsekker.
– Eg synest det er rart at det ikkje er gjort meir. Det kunne ha vore klart eit lager med sandsekkar på til dømes ein lastebil som ein kunne køyrt ut ved akutt behov. Eg står på verandaen og følgjer med heile tida.
- Les også:
Ordførar forstår frykta
– Eg har stor forståing for at dei som vart råka sist, slik som Nils Ove Seim er engstelege. Vi får håpe det går bra, og at elva ikkje aukar noko i natt. Flaumsikringstiltaka som er gjort har i alle fall vist seg å fungere, seier ordførar Noralv Distad (H).
Han legg til at særleg utgraving av masser i nedre del av elva har vore til stor hjelp. Kommunen har bidrege med sandsekker fleire stader.
- Sjå oppdaterte flaumprognosar frå NVE på varsom.no,
- Finn detaljert vêrvarsel for ditt nærområde på yr.no
– Gode prognosar for natta
Då NRK sist snakka med Distad i 15-tida måndag, trudde han flaumtoppen var nådd. Når ordføraren måndag kveld står ved Flåm Camping og følgjer med på den flaumstore elva, har vasstanden auka ytterlegare.
– Det har auka på utover sidan midt på dagen i dag. Men ein har enno litt å gå på. Prognosane er optimistiske, seier Distad.
Flåmselvi har enkelte stader grave ut masse nær jernbanen, men Flåmsbana går framleis i trafikk, etter at Jernbaneverket har inspisert skjenegangen.
Også i Undredal og Gudvangen blir det meldt om svært høg vassføring måndag kveld.
Nedjusterer faregraden
Så langt er det berre i Jostedal det er meldt om uvanleg stor skade som følgje av sommarflaumen. Søndag kveld gjekk eit stort jordskred, truleg som følgje av snøsmelting, i Krundalen i Jostedal. Fleire sauer og eit par uthus vart tekne.
- Les også:
NVE håpar ein har sett flaumtoppen i dei fleste vassdraga på Vestlandet i løpet av kvelden.
– Vi har framleis faregrad oransje. Den skal gå ned til gul i morgon, altså faregrad to. Det betyr at det framleis er litt fare. Den største toppen i høve til snøsmelting er truleg tatt no, men vi skal framleis ha høg beredskap utover, opplyser regiondirektør Brigt Samdal i NVE.