Hopp til innhold

Flæte skal jobbe for Sogndal

Så snart han takkar av som fylkesmann til sommaren, skal Oddvar Flæte gjere ein innsats for Sogndal Fotball.

Oddvar Flæte

INNSATS FOR SOGNDAL: - Eg stiller meg til disposisjon for klubben i mitt hjarta ein dag i veka, seier Oddvar Flæte.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har følgt Sogndal tett i alle år, når eg no bli pensjonist ser eg fram til å kunne bidra, så lenge dei meiner dei kan bruke meg, seier Oddvar Flæte til Sogn Avis.

Same dag det vart kjent at Flæte går av som fylkesmann, fekk han tekstmelding frå Sogndal Fotball med spørsmål om han kunne tenkje seg å bidra for klubben.

Det kunne han ikkje takke nei til. Når han går av som fylkesmann 15. juni, er han klar for oppdrag for fylkets flaggskip i fotball.

– Eg stiller meg til disposisjon for klubben i mitt hjarta ein dag i veka, og får no høve til å kombinera min store hobby med ein liten dugnadsinnsats, seier Flæte til Sogn Avis.

LES OGSÅ:

Det var etter samtalar med dagleg leiar Egil Mundal og SIL-nestor Rolf Navarsete at den avtroppande fylkesmannen fann ut at han kunne og ville engasjera seg litt i sin store lidenskap.