Hopp til innhold

Fjord1-saka: No krev dei erstatning frå fylkeskommunen

Minoritetseigaren i Fjord1, Havilafjord, vil krevje erstatning frå fylkeskommunen, uavhengig om dei når fram med kravet om å få kjøpe selskapet.

Dag Steinfeld

KREV ERSTATNING: Advokat Dag Steinfeld skal føre saka for selskapet Havilafjord og eigar Per Sævik.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / SCANPIX

I går melde NRK.no at Havila truleg vil stemne fylkeskommunen for retten i løpet av dei næraste dagane. I dag stadfester advokat Dag Steinfeld, som har levert stemninga på vegner av Per Sævik og Havilafjord, dette ovanfor avisa BT.

Uavhengig om selskapet vinn fram med kravet om å få kjøpe Fjord1, vil Havila krevje erstatning frå fylkeskommunen.

– Grunngjevinga for erstatningskravet er at fylkeskommunen har medverka til å rigge ein fiktiv selskapskonstruksjon for å unngå den forkjøpsretten Havilafjord etter lova har. Når vi då blir tvinga til å gå til domstolen for at den retten skal bli respektert, så fører det til store utgifter for vår klient og det vil fylkeskommunen bli gjort direkte erstatningsansvarleg for, seier Steinfeld til NRK.no.

Kjernen i saka er at fylkeskommunen i november valde å selje 59 prosent av aksjane i Fjord1 til konkurrenten Torghatten. Havilafjord meiner fylkeskommunen på ulovleg vis unngjekk retten dei som minoritetseigar hadde til å kjøpe aksjane. I rettssaka vil selskapet krevje at fylkeskommunen blir dømt til å selje til dei.

Fylkeskommunen meiner på si side at eit sal til Torghatten ikkje utløyser forkjøpsretten. Eit syn som òg har blitt støtta av professor Tore Bråthen, ein av Norges fremste ekspertar på forrretningjuss.

– Kor sikker er de på å vinne fram i denne saka?

– Så sikker at vi tek ut stemning og det brukar eg ikkje gjere viss eg ikkje meiner at saka fører fram, seier Steinfeld.

Ifølgje advokaten tek det vanlegvis eit halvt år frå slike stemningar blir leverte, til saka hamnar i retten.