Grunneigar Tor Frækaland er ein av grunneigarane som irriterer seg over det dei meiner er brot på reglane. Helikopteret brukar ein grusplass ved riksveg 5 i Bøyadalen som landingsplass. Etter å ha forhøyrt seg med Sogndal kommune meiner grunneigarane at denne plassen må kunne definerast som innmark og at selskapet dermed ikkje har lov til å ha meir enn seks avgangar og seks landingar i løpet av ei veke.
Tok bilete
Grunneigarane skriv i brevet til Luftfartstilsynet at det har vore turistflyging i området fleire gonger enn selskapet har lov til både i veke 28 og veke 29, men at det heile toppa seg i veke 30.
I brevet hevdar grunneigarane å kunne dokumentere brot på reglane. Frækaland tok også bilete av helikoptera for å kunne bevise at dei var frå selskapet Norcopter.
Noko anna dei reagerer på er at det like ved landingsplassen vart oppbevart grøne tønner, mest truleg fylde med drivstoff.
- Støysvake helikopter
Dagleg leiar i Norcopter, Gunnar Strand, seier at helikoptera dei brukar er verdas mest støysvake og at støyen umogleg kan vere noko problem. Talet på flygingar i Bøyadalen har han ikkje oversikt over, men seier at flyginga deira går føre seg på ein diskret måte. Han legg og vekt på at flygingane er viktige for turistnæringa.
Luftfartstilsynet avgjer
No er det opp til Luftfartstilsynet å finne ut om turistflygingane i Fjærland er i strid med gjeldande vilkår. Luftfartstilsynet har kontakta Norcopter fortel fungerande luftfartsdirektør, Jan Bengtson. Tilsynet har tidlegare slege fast at Norcopter braut reglane for turistflyging i Gudvangen-området i Aurland. Selskapet flaug her langt fleire turar enn dei hadde lov til i følge Luftfartstilsynet.
Får svar om to veker
Kva som vert følgjene om ein no finn ut at Norcopter har hatt for hyppige flygingar i Fjærland er for tidleg å seie. Leiaren i Norcopter seier at om det viser seg at det har vore brot på reglane, vil dei vurdere å kutte ut flyginga i Fjærland. Eit svar på kva som skjer vidare vil ein mest truleg få i midten av august. Til den tid vonar Luftfartstilsynet på å ha fått tilsendt og gått gjennom alle detaljar.