Hopp til innhold

Fiskeridirektoratet klarer ikkje plukke opp alle dei ulovlege teinene

Fiskeridirektoratet er uroa over alle funna av ulovlege hummarteiner langs norskekysten. Så store er fangstane at politiet ikkje har kapasitet til å ta hand om beslaga.

Beslag av teiner

STORFANGST: Slik såg det ut på kaia i Mandal då Fiskeridirektoratet leverte eit beslag til politiet. Fleire stader har politiet sagt dei ikkje klarer å ta i mot fleire teiner fordi dei ikkje har plass til å lagre dei.

Foto: Fiskeridirektoratet

– Vi finn dessverre alt for mykje ulovlege teiner, seier Jim Anders Edvardsen, inspektør i Fiskeridirektoratet.

Han fortel om ein situasjon der dei kunne ha plukka opp så mange teiner dei berre orka, men at dei rett og slett ikkje hadde plass til å ta med alle.

Berre utanfor Florø fann dei 14 ulovlege teiner på ein føremiddag.

Det var Firdaposten.no som først omtalte saka.

– Hadde vi haldt fram toktet kunne vi plukka opp mange fleire. Det gjeld ikkje berre i Florø, men i heile landet, seier inspektøren frå Fiskeridirektoratet.

Jim Anders Edvardsen

INSPEKTØR: Jim Anders Edvardsen seier dei kunne ha fanga langt fleire teiner enn det dei gjer, men at det ikkje er kapasitet til å ta unna alt.

Foto: privat

– Vi må politimelde kvar ulovlege teine vi tar opp. Dermed må politiet ta teina som bevismateriale. Dei klarer rett og slett ikkje å finne plass til alle teinene vi plukka opp, seier Edvardsen.

Frå 18. juni til 10. august har dei tatt opp om lag 160 teiner frå Florø til Kragerø og ca 70 av tilfella meldt til politiet.

hummer som kunne ha rømt

UHELDIG HUMMAR: Denne krabaten kunne ha rømt dersom teina hadde ei lovleg fluktopning på 80 mm. Teina hummaren var fanga i hadde berre fluktopning på 60 mm.

Foto: FISKERIDIREKTORATET

Mykje ulovleg fiske

– Erfaringa er at det er veldig mykje ulovlege hummarteiner frå Trøndelag til heilt sør i landet, seier Edvardsen.

Han peiker på at det er i desse områda det er mykje hummar.

– Kva er det som gjer at folk fiskar ulovleg?

– Nei, det er eit godt spørsmål, men eg trur mykje er på grunn av fåkunne, seier han.

Ei teine kan lett kjøpast på butikk eller på nettet, dei fleste med to fluktopningar på høvesvis 60 mm og 80 mm. Edvardsen trur at sidan den på 60 mm som regel er festa på trur folk at dette er ei lovleg teine og sett ho rett i sjøen.

– Det er feil størrelse på fluktopninga som gjer at hummarteina er ulovleg, seier han.

Hummarfiske er ulovleg utanom perioden frå 1. oktober klokka 0800 til 30. november, nokre stader heilt til 31. desember.

I denne tida er det lov å ha 60 mm fluktopning, men elles må det nyttast 80 mm for å unngå å fange hummar i teiner.

– Det har konsekvensar for bestanden om vi ikkje følgjer regelverket, seier Edvardsen. Han viser til at hummaren er mykje fiska og dei er opptekne av at hummaren skal få fred til å kunne halde bestanden oppe.

Oppsynsbåten "Eir"

OPPSYN: Båten «Eir» skal føre tilsyn langs kysten av Noreg. Det er på tokt med denne båten Fiskeridirektoratet har funne alle dei ulovlege teinene. Fiskeridirektoratet har to båtar av denne typen.

Foto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet

Merkar storfangst av teiner

– Vi har ein del teiner på lageret vårt no, men det går litt i rykk og napp etter kor mykje som blir inndratt, seier tenestestadleiar Wenke Hope ved Florø politistasjon.

Dei får inn teiner frå Statens naturoppsyn og Fiskeridirektoratet når dei har kontrollar i området.

– Det er framleis plass til fleire, seier ho.

Om politiet klarer å finne eigarane av teinene blir det gitt førelegg for lovbrotet. Om vedkommande ikkje godtek førelegget kan saka ende i rettssalen.

Ulovlege teiner

ULOVLEGE: Desse teinene er ulovlege. Fluktopninga på desse er berre 60 mm, medan lova krev 80 mm opning.

Foto: FISKERIDIREKTORATET