Hopp til innhold

Fiskarlaget vil kjempe for statlege arbeidsplassar i Måløy

Fiskarlaget manar til kamp for dei 22 statlege arbeidsplassane i Fiskeridirektoratet. Avklaringar er venta om 14 dagar.

Jarl Magne Silden, leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag

TRUR PÅ MÅLØY: Jarl Magne Silden meiner Måløy fortener å ha regionkontoret til Fiskeridirektoratet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi ser ikkje med blide auge på dette. Vi vil behalde dei arbeidsplassane som er i området her, seier leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, Jarl Magne Silden.

Ei intern arbeidsgruppe i Fiskeridirektoratet rår til å gjere om det regionale hovudkontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane i Måløy til eit mindre fiskerikontor.

Leiinga kan forsvinne, og uvissa kan bli stor for dei 22 tilsette.

Silden er kritisk til at fylket kan miste endå fleire statlege arbeidsplassar. Fiskarlaget krev at kontoret heller blir styrka.

Dette har med Måløy sin plass som leiande fiskerisenter på Vestlandet å gjere. Då bør vi også vere eit senter for forvalting.

Tilråding om kort tid

Fiskeridirektør Liv Holmefjord skal snart ha klart sitt råd til fiskeriministeren.

Fiskeridirektør Liv Holmefjord

TIL BERGEN? Fiskeridirektør Liv Holmefjord skal gi råd om eit nytt regionkontor for Sør-Noreg skal ligge i Bergen.

Foto: Fiskeridirektoratet

– Målet er å gi anbefaling til Fiskeri- og Næringsdepartementet rundt månadsskiftet februar/mars.

Uvisst kor mange jobbar som kan ryke

Om regionkontoret blir fiskerikontor, kan ikkje Holmefjord seie noko no om kor mange jobbar det blir i Måløy.

– Storleiken på fiskerikontora varierer frå relativt mange tilsette, til kontor med berre 2–3 tilsette. Det viktige er å ha folk tett på ute hjå fiskeri og havbruksnæringa. Det skal vi absolutt ha også i framtida.

Måløy sentrum

TIL KAMP: Endå fleire statlege jobbar kan forsvinne frå Sogn og Fjordane. Om 14 dagar er det anten tommel opp eller ned for Fiskeridirektoratet region vest i Måløy.

Foto: Eva Westvik / NRK

Nye tider gir nye krav

Fiskeriforvaltinga i Noreg er blitt kalla ei suksesshistorie. Men krava endrar seg.

– Fiskeri og havbruksnæringa er i stor utvikling. Då må også forvaltninga endre seg, og tilpasse seg nye utfordringar. Så har vi også fått noko redusert budsjett, seier Holmefjord.

Vil ha tilflytting, ikkje utflytting

Om det blir færre statlege jobbar i Måløy, kjem det på toppen av den allereie pågåande sentraliseringa av leiaroppgåver og statlege jobbar frå Sogn og Fjordane.

Politidistriktet skal til Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane kan bli tvinga inn i ei større eining. Skattekontor blir sentraliserte.

Samstundes har folkevalde frå fylket kome med fagre løfter om utflytting av statlege arbeidsplassar.

Jarl Magne Silden meiner at om Fiskeridirektoratet vil ha større regionar, bør regionkontoret ligge i Måløy, og ikkje i Bergen.

– Der bør fylkespolitikarane vere mykje meir på bana, og stadfeste Måløy og Sogn og Fjordane sin posisjon i norsk fiskerinæring.