- Føler oss ført bak lyset

Fiskarlaget kjenner seg ført bak lyset etter at Vestavind Kraft la det nye hovudkontoret til Bergen.

havvindmøller

Fiskarlaget er skuffa over avgjerda til Vestavind Kraft.

LES OGSÅ: Vestavind har bestemt seg

Fiskarlaget i Sogn og Fjordane stilte seg positive til vindmøller utanfor Stad under føresetnaden at hovudkontoret for vindmøller til havs skulle liggje i fylket.

Stig Oldeide i Fiskarlaget vil ikkje akseptere at Vestavind Kraft legg kontoret til Bergen.

- Fiskarlaget føler seg ført bak lyset, seier Oldeide.

Var i tett dialog

Før kraftselskapet søkte om konsesjon til eit testfelt utanfor Stad i fjor haust, var det tett dialog mellom Fiskarlaget og Vestavind Kraft.

Fiskarane var i tvil om korleis dei skulle stille seg til ei slik utbygging i eit fiskerikt område.

- Ei slik utbygging til havs til ta store areal, og vi kunne ikkje akseptere at vi skal gje i frå oss ressursar slik vi har gjort til olje. Det er oljeboring utanfor Sogn og Fjordane, men det er lite fylket får att for det, forklarar Oldeide.

Gav tommelen opp, på ein betingelse

Sandane, Gloppen Kommune

Fiskarlaget ville ha kontoret til Sandane.

Foto: unknown / NRK

Men under føresetnaden at hovudkontoret for vindmøller til havs skulle bli lagt til Sandane eller eventuelt Måløy, gav fiskarane tommelen opp for utbygging.

Men i går bestemte generalforsamlinga i Vestavind Kraft at hovudkontoret blir lagt til Bergen.

Oldeide åtvarar om at det kan få konsekvensar.

- Vi må ha eit heilt anna fokus og kanskje sette på bremser og ikkje tillate utbygginga dei har søkt om, seier Oldeide.

- Fiskarane overreagerer

Men Vestavind Kraft har også bestemt at utvikling knytt til testområdet rundt Stad skal bli gjort på Sandane.

Difor meiner dagleg leiar Håkon Sandvik i Vestavind Kraft at fiskarane overreagerer.

- Dei prosjekta Vestavind Kraft og Vestlandsalliansen har innanfor offshore vindkraft vil bli delt. Noko vil bli handtert frå Bergen og noko frå Vestavind Kraft på Sandane, seier Sandvik.

- Avhengig av fiskarane

For Vestavind Kraft er det heilt avgjerande at fiskarane er med på laget.

- Offshore vind er avhengig av lokalitetar på havet. Der har fiskarane sitt virke og sin arbeidsplass, så det er heilt avgjerande å finne løysingar som fiskarane er med på, seier Sandvik.

Men om Fiskarlaget synst aktiviteten som blir i Sogn og Fjordane i utviklinga av vindmøller til havs er god nok gjenstår å sjå.

- Vi må vurdere om vi skal ta stilling til dette på nytt igjen, seier Stig Oldeide.

Skuffa politikarar

Nils R. Sandal

Fylkesordførar Nils R. Sandal er skuffa over avgjerda.

Også politikarane i fylket er skuffa etter avgjerda til Vestavind Kraft.

Men fylkesordføraren trur likevel mykje aktivitet er berga.

- Utvikling av vindmøller til havs i Sogn og Fjordane kan framleis bli stor, seier Nils R. Sandal.

Kjempa mot kontor i Bergen

Fylkestinget var ein av aktørane som kjempa mot at Vestavind Kraft skulle leggje hovudkontoret for satsing på vindmøller til havs til Bergen. Dei ville heller ha kontoret til Sandane.

Les også: Fylkesordføraren ber fylket stå samla

Sjølv om dei vart litt for svake i denne omgang er kampen langt frå over meiner Sandal.

- Vi må ta inn over oss realitetane og få best mogleg resultat ut av det eigarselskapa i Vestavind Kraft har bestemt.

- Kan bli utvikling også her i fylket

Samtidig som fylkesordføraren er skuffa er han også glad for at Vestavind Kraft har bestemt at utvikling knytt til Stad området skal bli gjort på Sandane.

Også ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal er letta over den avgjerda.

- Her kan det bli mykje utvikling vidare. Det kan bli arbeidsplassar og det kan bli utvikling av fagmiljø i både Gloppen og andre plassar i fylket, seier Ryssdal.

- Passivt

I Vågsøy har ulike aktørar håpt at Måløy kan bli eit senter for vindkraft på havet. Heller ikkje ordførar Roger B. Silden trur slaget er tapt, men er ikkje glad for avgjerda.

- Eg føler avgjerda er litt passiv for distrikta. At vi ikkje skal kunne drive ei slik verksemd i Sogn og Fjordane og at alt skal til større tettstadar som Bergen og Oslo, seier ordføraren.

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo i Måløy Vekst meiner avgjerda er god.

Foto: Helge Mikalsen/VG / Scanpix

I går sa dagleg leiar leiar i Måløy Vekst, Alfred Bjørlo at det no er opp til Sogn og Fjordane å gripe sjansen. Eller bli sittande på sidelinja slik som det har skjedd med oljeindustrien.

Les også: God løysing av Vestavind, meiner Bjørlo

Samarbeid vidare vert viktig

- No må vi samarbeide godt med både Vestavind Kraft og det nye selskapet, slik at vi kan tilby den kompetanse som allereie er her, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.

- Du er ikkje redd fylket skal tape framtidige kampar også?

- Nei, vi har ikkje tapt den totalte kampen her. Vi viste at vi hadde ei god mobiliseringi fylket og at ulike miljø sto saman, seier Sandal.

Og fylkesordføraren meiner bestemt at fylket har noko å tilby.

- Det skal vi fortsetje å tilby innan denne sektoren. Og den aktiviteten som blir her i fylket skal vi utnytte best mogleg.

LES OGSÅ:

Satsing kan hamne i Bergen

Havvindkraft ut av fylket

Vil ha havmølleselskap på Sandane