Hopp til innhold

- God løysing av Vestavind

Dagleg leiar i Måløy Vekst, Alfred Bjørlo, er nøgd med vedtaket til Vestavind Kraft.

Bjørlo har engasjert seg sterkt for at Vestavind Kraft si vindmøllesatsing til havs skal bli verande i Sogn og Fjordane .

I dag vedtok Vestavind å legge den til Bergen .

Nøgd med vedtaket

Alfred Bjørlo

- No er det opp til oss sjølve om vi skal sitte på sidelinja, eller vere med, seier Alfred Bjørlo.

Foto: Helge Mikalsen/VG / Scanpix

Men sjølv om flyttinga vart vedteken, er Bjørlo nøgd med vedtaket. Han trur på Ole Bjørn Alvestad i Vestavind som seier at det også blir eit sterkt vindkraftmiljø her i fylket.

- Styret har heilt klart sagt at utviklingsaktivitetane knytt til offshorevind i Sogn og Fjordane og havet utanfor, framleis skal ligge i Vestavind Kraft og vere ein del av kompetansemiljøet som ligg her i fylket. Det er ei kollosalt viktig avklaring, seier han.

Fekk utviklinga

Reine prosjektutbyggingssatsingane med kjent teknologi, blir lagt til det nye selskapet i Bergen.

- Medan den delen av offshorevind som omhandlar forskning- og utviklingsaktivitetar, uttesting og pilotaktivitet i praksis blir liggande på Sandane og i Vestavind Kraft. Dette var eg aller mest oppteken av at vi skal utvikle her i fylket, seier Bjørlo og konstaterer at det får fylket no moglegheiten til.

- No har vi sjansen

Etter eit halvår med uro og uvisse knytt til vindmøllesatsinga, er avklaringane komne. Bjørlo seier det er opp til Sogn og Fjordane å gripe sjansen, eller å bli sittande på sidelinja - slik som har skjedd med oljeindustrien.

- Ballen er på ein måte spelt over til vårt miljø. Vestavind har lagt opp ein modell som gjer oss sjansen til å vere med for fullt. Er vi villig til å satse kapital, kompetanse og full innsats til å gripe sjansen, undrar han.

- Må gå saman

Bjørlo meiner Sogn og Fjordane bør dra lærdom av prosessen ein no har vore gjennom med Vestavind Kraft.

- Alvestad legg vekt på sterk næringsklynge som jobbar saman i Bergen. Vi er for små kvar for oss, no må vi greie å skape sterke nok samla næringsklynge på kysten og vise at vi ikkje berre er små lokalsamfunn som står kvart for oss og arbeider like mykje mot kvarandre som med kvarandre. Vi må skape ei sterk næringsklynge med tilhøyrande infrastruktur, vegbygging på kysten, som gjer at vi slepp å få fleire slike avgjerder som går mot oss fordi vi ikkje er sterke nok saman, seier han.