Hopp til innhold

- Samla om vindmøller

Kraftselskapa i fylket må stå samla om ikkje Vestavind kraft si satsing på havvindmøller skal forsvinne til Bergen.

Illustrasjon av vindmøller til havs
Foto: Nyhetsspiller

Haugaland kraft vil i tillegg til Tafjord kraft truleg støtte planane om flytting, og dermed er det berre kraftselskapa her i fylket som samla kan hindre at det skjer.

- Håpar vi kan stå samla

Nils R. Sandal

Fylkesordførar Nils R. Sandal.

Fylkesordførar Nils R. Sandal ber no om at fylket står saman.

- Eg håpar i det lengste at vi iallfall internt i fylket kan stå samla om dette. Her har vi moglegeheiten, og det ville vere synd om vi misser den.

Fire av sju for Bergen

Fire av dei sju eigarane til Vestavind kraft på Sandane vil truleg gå inn for å flytte selskapet si satsing på vindmøller til havs til Bergen.

Vindmøller på havet er rekna for å verte eit nytt framtidig energieventyr som kan skape milliardindustri langs kysten av fylket.

Sju av dei største energiselskapa på Vestlandet har så langt organisert seg via Vestavind, men styret har tilrådd å flytte havvindmølleområdet til eit nytt selskap i Bergen.

Lite støtte å få

No skal eigarane handsame saka før den truleg kjem opp i generalforsamlinga 25. juni. Her i fylket er protestane sterke, men utanfor grensene er det lite støtte å få.

Didrik Ferkingstad er styreleiar i Haugaland kraft, og han meiner Bergen er det rette valet, ikkje minst fordi bergenselskapet BKK har vore sentralt i flyttesjauen.

- Vestlandets hovudstad

- Bergen er Vestlandets hovudstad, og det er ein føresetnad for det nye selskapet at BKK er sterkt inne, og BKK har jo sitt kontor i Bergen. Bergen er ein større by med andre aktørar som det kan vere naturleg å samarbeide med.

Ferkingstad meiner BKK er eit avgjerande selskap i maktspelet om vindmøllene

- Går ikkje utan BKK

- BKK har ei enormt viktig rolle, utan BKK trur eg ikkje får til dette i det heile.

Også styreleiar Sverre Devold i Tafjord Kraftproduksjon meiner Sandane ikkje er rett stad for satsing på ein milliardindustri.

- Denne offshoresatsinga er så spesiell at vi meiner det er mest rasjonelt å byggje dette miljøet i første omgang i Bergen. Vi snakkar om å kome i gang med ei krevjande oppgåve, og det er viktig at vi kjem i posisjon.

Men kampen for å få havvindmøllehovudsetet til Nordfjord og Sandane er ikkje tapt sjølv om dei fire selskapa utanfor Sogn og Fjordane går inn for det.

Krev kanskje 2/3 fleirtal

SFE-hovudkvarteret på Sandane

Fylkesordføraren vil at utbygginga av havvindmøller skal administrast frå hovudkvarteret til SFE på Sandane.

Foto: Ottar Starheim / NRK

For det er kanskje ikkje nok med fleirtal for å få gjennom flyttinga. Framleis er det eit ope spørsmål om ikkje ei omlegging av Vestavind kraft krev endringar i aksjonæravtalen, i så tilfelle trengst det eit samøystes vedtak i generalforsamlinga 25. juni.

Eitt anna og vel så aktuelt spørsmål er kva som skjer med dagens havvindmølleprosjekt som Vestavind er med i. Mellom anna planlegg selskapet eit stort vindmølleanlegg utanfor Stad.

Skal eit nytt selskap overta eksisterande prosjekt krevst det truleg to tredjedels fleirtal i generalforsamlinga, då kan dei tre lokale eigarane her i fylket stoppe heile utflyttinga. Styreleiar Arvid Lillehauge i Sogn og Fjordane Energi er klar til å ta alle middel i bruk.

- Det ser eg ikkje bort frå dersom situasjonen tilseier det, for når det er slike avtalar er det for at dei skal brukast når det er behov for det.

Denne veke vil Lillehauge ha samtalar med Sognekraft og Sunnfjord Energi for å få dei med på laget, også Lillehauge håpar at selskapa vil stå samla.

- Ikkje betre i ein by

Arvid Lillehauge

Styreleiar Arvid Lillehauge i SFE

Foto: NRK

- Eg meiner det er rett å utvikle dette selskapet med base i Sogn og Fjordane når vi har etablert det her i fylket. Eg kan ikkje sjå at det blir noko betre om det blir flytta til ein by,

Fylkesordførar Nils R. Sandal har framleis ikkje gitt opp å få med seg Tafjord kraft, uansett meiner han at fylket no må gå i lag for å få med seg det han trur kan verte eit nytt energieventyr.

- Spennande styremøte

- Det er nesten avgjerande viktig. Eg ville bli overraska dersom det er selskap her i fylket som meiner at basen for denne framtidige produksjonen skal leggast til Bergen når ein stor del av produksjonen kjem til føregå utanfor kysten vår. Det er viktig at selskapa her i fylket står samla. Det blir spennande styremøte i selskapa.