Fiskarane fryktar frislepp av fisket

Ei arbeidsgruppe i Senterpartiet føreslår fritt fiske for båtar under 11 meter for å motverke sentralisering og kapitalisering av næringa. – Utopi, svarar leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Jarl Magne Silden.

Jarl Magne Silden, leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

UTOPISK: Jarl Magne Silden fryktar følgjene av eit frislepp på fisket for dei minste båtane.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK
Oddleif Løseth
Journalist

Kilde: NPK/NRK

Det er NTB som i dag fortel at arbeidsgruppa ynskjer å opne for fritt fiske for båtar under 11 meter – og å fjerne konsesjonsplikta for lukka oppdrettsanlegg.

Forslaget skal i mars opp på landsmøtet til Senterpartiet. Sp-nestleiar Ola Borten Moe har leia arbeidet.

– Både i den tradisjonelle fiskerinæringa og i oppdrettsnæringa ser vi ei sterk sentralisering og kapitalisering som samlar verdiane på færre hender. Vi vil motverke dette med å sleppe fleire til, seier han til NTB.

Vart prøvd ut i fjor

Sp-nestleiaren understrekar at utgangspunktet for både oppdrett og villfisk er at det er ressursane til fellesskapet som blir forvalta. I utgangspunktet ynskjer arbeidsgruppa at det bør vere etableringsfridom i oppdrettsnæringa.

Dei meiner også at staten ikkje bør bestemme kor mykje oppdrettsfisk som skal produserast, men framleis regulere produksjonen frå omsyn til miljø, rømming, sjukdom og dyrehelse.

Forslaget med frislepp på fiske for dei minste båtane får leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Jarl Magne Silden, til å steile. Han viser til forsøket som i fjor vart gjort på nettopp fritt fiske for dei minste båtane.

– Då var det eit overfiske i gruppa under 11 meter. Dersom ein skal sleppe fritt på dette, så vil det gå på kostnad av dei andre gruppene der det er strukturering og der folk har betalt for sine fiskerettar, seier han.

Feil medisin

I tillegg til å motverke sentralisering og kapitalisering, meiner Borten Moe at fritt fiske med båtar under 11 meter fører til ny rekruttering og styrker den lokale forankringa i utnyttinga av fiskeriressursane.

Silden meiner dette er feil medisin.

– Her er andre som har investert i fiskeriet. Dei burde heller konsentrert seg om å gi rimelege etablerarlån og eigenkapital slik at dei som vil inn i næringa, kjem inn på like vilkår med andre. Å sleppe ei gruppe fri blir heilt feil, seier han.

– Endrar ikkje for dei store

Ola Borten Moe fotografert i stortingssalen i 2005

FRAMLEGG: SP-nestleiar Ola Borten Moe har leia arbeidsgruppa som ynskjer å opne for fritt fiske for dei minste båtane.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Borten Moe seier til NTB at det frie fisket for dei minste båtane må skje innanfor ei berekraftig og langsiktig ressursforvaltning.

– Vi trur ikkje det vil by på store utfordringar. Bestandane er store, og dei minste båtane gjer i dag ikkje store innhogg i bestandane. Dei står for 6 prosent av landingane, seier han.

Det gler Silden at arbeidsgruppa ynskjer å vidareføre vilkåra for dei større båtane.

– Vi rokkar ikkje ved det faktum at du både har kvotar og moglegheit til å slå saman kvotar i flåtegruppa over 11 meter. I fiskeria ser vi den same konsentrasjonen som i oppdrett, seier Borten Moe.

– Utopi

Silden deler ikkje den same gleda over framlegget.

– Blir det fritt fiske i ei gruppe, så kan det gå utover totalkvoten og det blir mindre å dele på for dei andre, seier han og trur ikkje framlegget vil komme særskilt langt.

– Eg trur framlegget endar opp i ingenting. Dette er ein utopi å tru på, avsluttar han.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.