Det vart ein dyr fisketur for dei seks tyskarane som fiska to seiar førre veke. I alt måtte dei ut med 24.000 kroner, og fiskeutstyret kunne dei berre gløyme å få med seg heim att. Men fangsten på to seiar fekk dei behalde - «Zwei sei», som dei sa.
Ulovleg fiske
Det var likevel ingen tvil om at fisket dei seks heldt på med ikkje var lovleg, seier lensmann i Bremanger, Hans Rune Strandos. Årsaka til at fiskarane må halde ein avstand på minst 100 meter frå oppdrettsanlegg er mellom anna smittefåren, og at fiskereiskapen kan øydeleggje nota slik at oppdrettsfisken rømmer.
- For politiet er det viktig å markere at vi tek slike lovbrot på alvor, seier Strandos.
Ikkje første gong
Generelt har utanlandske fiskarar som fiskar alltfor nær fiskeanlegg vore ei stor plage langs kysten denne sommaren.
Det er også langt frå fyrste gong eigaren av fiskeanlegget ved Marøyna ved Rugsund i Bremanger, Sven Jørgen Strømmen, har hatt utanlandske fiskarar altfor nær anlegget sitt. Men denne gongen klarte han å fotografere syndarane frå Tyskland i aksjon. Det har vist seg å vere vanskeleg tidlegare. No håpar Strømmen at anlegget hans får vere i fred.