Tiboda som forsvinn, er VK1-klasse i automasjon på Nordfjordeid, servitørfag i Stryn, prosessfag i Florø og formgjeving i Høyanger.
- Grunnen er at ingen av desse i år hadde nok søkarar til at det var økonomisk eller opplæringsmessig forsvarleg å starte dei til hausten, seier Knut M. Olsen, som er leiar for hovudutvalet for opplæring.
Odd Standal - NRK-arkiv
Kurant
Dette fører ikkje til sterke reaksjonar ved Flora vidaregåande, der det likevel ikkje skal opprettast ei linje for prosessfag:
- Med tanke på at det berre var to søkarar så er vel dette kurant, seier rektor Odd Standal.
Men Standal meiner det er eit tankekors at det skjer i eit år der det endeleg er lys å skimte i tunnelen for industrien i kystbyen.
- Det er industri i Florø som treng den type fagutdanning som ein får i mekanisk prosessfag. Men vi må berre konstatere at vi ikkje har klart å selje dette tilbodet godt nok, seier rektoren i Florø. Men han har tru på at dette faget kjem inn att i skulekatalogen neste år.
Ekstraklassar
Knut M. Olsen understrekar også at det ikkje er snakk om endelege nedleggingar og at han såleis ikke fryktar omkampar framover våren.
- Eg trur ingen er innstilte på å opprette klasser der det ikkje er elevar, seier Olsen.
Utvalet har samstundes vedteke å opprette fem ekstraklasser i fylket der søkjartalet tilseier det.
- Det er viktig å ta omsyn til det elevane ønskjer, seier Olsen.