Hopp til innhold

Fire familiar evakuert i Jølster

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fleire bebuarar på Ålhus i Jølster er evakuerte etter at det har gått eit stort jordskred. Ordføraren utelukkar ikkje at fleire kan bli evakuert. Heile Vassenden er no utan vegsamband.

Ras ved Ålhus - familiar vart evakuerte
Foto: Oddleif Løset (MMS-foto)

– Det har gått eit bra stort ras ved Ålhus som gjer at fire familiar er evakuerte, opplyser ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster.

Dei evakuerte har innlosjert seg hos slekt og vener, men eit hotell er også sett i beredskap. Ordføraren utelukkar ikkje at det kan bli snakk om fleire evakueringar.

– Det er alt etter korleis vassføringa i sidevassdraga utviklar seg. Det er ganske mildt og vi har ein god del snøsmelting, så vi har meir vassføring i sidevassdraga våren en på veldig lenge. Vi har prøvd å kalle inn det vi kan av mannskap, og vi har også fått tak i gravemaskiner og liknande for å sikre nokre av elvane.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Raset ved Ålhus stengjer E39 mellom Vassenden og Skei. I tillegg er E39 stengd ved Movika mellom Vassenden og Førde. Fleire ras stengjer dessuten vegen langs sørsida av Jølstravatnet, i tillegg til at riksveg 5 gjennom Kjøsnesfjorden er stengd.

Dermed er Vassenden avskoren frå omverda. Trøysta er at straum og telesambandet er tilbake i store deler av kommunen.

Ved Førde i Jølster har ei elv vore trugande stor, og tidlegare måndag kveld måtte tre bilar evakuerast ut frå rasområde på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden.