Hopp til innhold

Filefjell stengjer i 19 dagar

Klokka 06.00 stengjer E16 over Filefjell. Fram til 19. juni skal vegen utbetrast, og blant anna bli bygd høgare enn dagens veg.

Filefjell

VEGARBEID: Her er eit bilete frå det omfattande arbeidet ved Smedalsosen i går kveld. Vegen blir stengd ved Slutebakken, mellom Øvre og Nedre Smedalsvatn.

Foto: Jan Christian Jerving

Omkøyringsvegar er ifølgje Statens vegvesen fylkesveg 53 Tyin-Årdal (maks høgde 4 meter) og riksveg 52 Hemsedalsfjellet / fylkesveg 51 Golsfjellet.

Vegen blir stengt ved Slutebakken, mellom Øvre og Nedre Smedalsvatn gjennom heile perioden, også i helgane. Entreprenøren vil jobbe på skift gjennom heile døgnet for å få gjort mest mogleg medan stenginga varer.

– Når vi bygger vegen både høgare og breiare så blir det vanskeleg å gjere det på ein del av partia samstundes som vi har trafikk på vegen, sa Harald Stadheim, som er byggjeleiar i Statens vegvesen, til NRK i april.

Filefjell

LØFTAR VEGEN: Det blir vanskeleg å halde vegen open med det omfattande arbeidet, der vegen mellom anna skal hevast. Her kjem dei siste bilistane seg over i går kveld.

Foto: Jan Christian Jerving

Elles har Meteorologisk institutt send ut OBS-varsel, som gjeld fram til klokka 16 i dag. Meteorologane varslar om sterk kuling ved kysten og i fjellet, og lokalt mykje nedbør. Det blir vanskelege køyreforhold på fjellovergangane på grunn av vind og snø.

– Det skal skje no frå morgontimane og utover. Det blir vind og lågare temperatur. Folk bør vere observante og følgje med og sjå korleis forholda blir, seier Morten Hansen veg Vegtrafikksentralen i Bergen, som ber trafikantane tipse dei om korleis forholda er.