Hopp til innhold

Tilbake i normal drift etter å ha vore innstilt i fleire timar

Ein skade på ferjekaien gjorde at ferjesambandet Anda-Lote vart innstilt i fleire timar tysdag ettermidddag.

Anda ferjekai sett frå ferja Eidsfjord

SKADA: Kaien på Anda-sida av ferjesambandet er skada.

Foto: Elise Kvien / NRK

– Det er problem med køyrebrua på Anda-sida. Vi har ikkje fått noko detaljert informasjon om kva som er årsaka, men det vil ta om lag tre timar før det er ordna, seier trafikkoperatør Andreas Herland.

Fjord1, som har ferjene på sambandet, opplyser at det vart starta reperasjon på køyrebrua i går. Dette viste seg å vere meir omfattande enn først planlagt, og derfor måtte det gjerast ferdig tysdag.

Like før klokka 13.30 var ferjesambandet tilbake i normal drift.

Ferjesambandet Anda – Lote er på E39 mellom Førde og Nordfjordeid.